– Løypa var 23 kilometer og i år kunne ein gå heilt opp til Steinavatnet. Det var fornøgde deltakarar og svært flotte løyper, fortel Solvor Johanson i IL Korlevoll.

Kjell Lande og Olav Lægreid har gått alle 46 gangane. Rennet var arrangert i palmehelga.

Spesielt BarneDyrskar på stadion var populært og hadde åleine 83 deltakarar.

– Det var ein kjekk løype med skicross-element, orgeltramp, hopp, buer og kuler. Her kunne barna gå så mange rundar dei ville og få premiar når dei var nøgde. Dette rennet er ein stor suksess med mykje liv og røre på stadion, fortel Johanson.

Bildeserie

Se glimt fra Dyrskarsrennet