Høyr finalekomposisjonen

Har lært mykje om å laga musikk: Bak f.v.: Kon­takt­læ­rar Åse Høysæter Børve, Daniel Kvalvik, mu­sikk­læ­rar Randi Johannesen, Cebatien Kabaya og Erik R. Lohmus. Framme f.v.: Dina Ystanes, Haana Munir Ahmed, Benedikte Seim, Alisa Sae-Lao, Tiba Moayad og Elin Kleist Winnerstad. Kari Nakkerud var ikkje tilstades.

Har lært mykje om å laga musikk: Bak f.v.: Kon­takt­læ­rar Åse Høysæter Børve, Daniel Kvalvik, mu­sikk­læ­rar Randi Johannesen, Cebatien Kabaya og Erik R. Lohmus. Framme f.v.: Dina Ystanes, Haana Munir Ahmed, Benedikte Seim, Alisa Sae-Lao, Tiba Moayad og Elin Kleist Winnerstad. Kari Nakkerud var ikkje tilstades.

Artikkelen er over 3 år gammel

Av 248 innsendte bidrag frå heile landet, fekk 7. klasse ved Kinsarvik skule finaleplass med sin komposisjon.

DEL

Fredag 20. mars vart vinnaren av Veslefrikkprisen 2015 presentert i eit direktesendt program på NRK2.
Opprømte elevar, lærarar og rektor i Kinsarvik såg vinnarane, 3.-4. trinn ved Montessoriskolen i Bergen, spela med Kringkastingsorkesteret i NRKs Store Studio.
Dei fem finalistane som ikkje vann, fekk delt andreplass i konkurransen. Alle finale- elevane fekk eit eige diplom.
– Vi er veldig stolte, seier musikklærar Randi Johannesen.
Klassen nytta hennar private instrument i verket sitt. Ho har mange års erfaring med komponering frå bergensskulen, men har aldri deltatt i Veslefrikkprisen tidlegare.
 

Lyden av Velure-skredene

Klassen brukte effekten av å bu så tett på naturen. Det å følgja med på skredene borte i Velure til dømes, men òg andre lydar i naturen. Lyden av fjorden som treffer steinane i fjøra, var det ein av elevane i klassen som kom på måtte med.

Om hardingane sitt bidrag skriv juryen: «Dette er ein flott og malerisk komposisjon med balansert form og imponerande resultat. Konseptet med nærlyd frå fjorden har de løyst på ein kreativ og elegant måte. Valet av instrument imponerer, og ein kan verkeleg sjå for seg landskapet de har der. Det må vera ein vakker stad! Som dei verkeleg gode komponistane, har de òg brukt stillheit som musikk, og i dette tilfellet fungerer det utmerka i den settinga musikken er tiltenkt, naturen. Komposisjonen er oppsiktsvekkjande moden og formfullendt. Forarbeidet er godt og de har ein god komponist-rapport».

Skroll heilt ned, lydfil ligg nede til høgre.