(Kvinnheringen)

Det får Kvinnheringen stadfesta frå fleire hald onsdag like før klokka 14.

Regjeringa offentleggjorde som venta kort tid etterpå at Hordfast mellom Stord og Os skal byggast.

Ifølge dagleg leiar Øyvind Halleraker i Hordfast AS, pådrivarselskapet for gigantprosjektet, var det statsminister Erna Solberg sjølv som skulle offentleggjera kva regjeringa tenker om prosjektet i samband med at det om kort tid skal leggast fram forslag til ny Nasjonal Transportplan (NTP).

Det gjorde statsministeren saman med klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF).

– Eg forventar at prosjektet blir prioritert i første fireårsperiode, og fullfinansiert i heile NTP-perioden, sa Øyvind Halleraker, og heldt fram:

– Då blir det viktig særleg for Kvinnherad og Austevoll å kopla seg på gjennom den komande regionale transportplanen, meiner Halleraker.

Like før klokka 14.30 onsdag skriv NRK at regjeringa vil gi 64 milliardar kroner til Hordfast og ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle.

– Samferdselssatsinga vår er heilt historisk, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK onsdag.

– Hordfast bygger Bergen og Sunnhordland tettare saman. Vi bygger sterkare bu- og arbeidsmarknad for denne regionen, seier statsministeren.

Det same seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) frå Stord.

– No bygger vi infrastruktur for å knyta saman landsdelar. No er løyvinga på plass for ein god oppstart i første NTP-periode, seier ein strålande nøgd stortingsrepresentant, som har arbeida for prosjektet i ei årrekke.

– Kva tid trur du vi kan køyra ferjefritt frå Stord til Bergen?

– Statleg reguleringsplan er under arbeid og venta ferdig i 2022. Eg håpar og trur vi kan køyra ferjefritt til Bergen i 2028, seier Eskeland.

– Kan ei eventuell ny regjering etter valet til hausten stansa prosjektet no?

– Eg håpar alle dei store partia ser viktigheita av dette, men vi kan aldri forskottera kva ei regjering som vi ikkje er ein del av vil gjera. Men etter alle solemerke blir dette bygd no, seier Liv Kari Eskeland.