Seier Geir Larsen som utviklar program for barn og unge som slit med nettopp dette. Gjennom firmaet ARTEL Larsen har han lansert over 30 appar ein kan ha både nytte og glede av på iPad, Android-brett, Mac eller Windows 8.
Målgruppa er elevar i grunnskulen. Appane er tenkt brukt på fritida «som eit alternativ for dei som ønsker at borna skal lære meir enn å sortera sukkertøy og klippe håret på Barbie-dokka».
«Ikkje leik med maten», er mange av oss oppvaksne med. Men med bokstavkjeks var freistinga stor. Dei lever i beste velgåande - både i butikkhyllene - og no på app, takk vera den kreative Larsen. Born kan no leika seg til kunnskap og vips! er viktige kodar knekt.
Det starta heime i stova på 80-talet då han var lærar i ungdomsskulen og ville hjelpa elevane til lærdom på ein utradisjonell måte. Appane får du på engelsk, bokmål og nynorsk.
I dag er han tilsett som IKT-konsulent i Ullensvang herad. På fritida tenkar han pedagogikk og å gi lærdom på kjekt vis.
– Det er moro og ei intellektuell og kreativ utfordring eg er i stand til å løyse. Nokon løyser kryssord på fritida, eg gjør dette, seier Larsen som var tidleg ute og utvikla program for Aschehoug forlag.
– Det har havna på digitalt museum, smilar Larsen som og har bidrege med datakunnskapen sin til Kirke-og undervisningsdepartementet sitt datasekretariat - og fleire forlag.
Ka er inni? Det spørsmålet er det mange som lurar på - anten det er enkle leiker, elektriske hjelpemiddel, motorar - eller kropp. Dei har plukka frå kvarandre, sjekka, og freista sette saman - med større og mindre hell. Larsen også. No er det kjekt «å legge inn ting», som ein kan hente ut med nokre tastetrykk eller drag med fingaren på ein skjerm.
– Tradisjonell «grunntrening» kan lett bli repetetiv og kjedeleg, men kan ein gjera den litt morosam vert læringa kjekkare. Mine appar spinner til dømes rundt ei sentral ordliste med høgfrekvente ord som gjev «ein gong til»-effekt og dermed sjølvdriven repetisjon.
Han har også laga appar med tema geografi. Og appar for å trena på bruk av sprett- og draord - dobbeltkonsonant. Ord-app-ane, kan sjåast som variert tilnærming til dei mest brukte orda, og nyttast til pur glede - også for dei som er ferdige på skulen. Dei fleste er lagt opp som spel. Dette er moro med meining.
Larsen veit råd for dei som slit med rekning også. Han registerer at «ting ikkje sit så godt» lenger. Pedagogen og dataentusiasten har utvikla reknehjelp med både tal, sedlar og mynt.
– Det er interessant å observera at mange får problem med summeringa om kassaapparatet på butikken sviktar eller kalkulatoren på mobilen ikkje funkar. Gongetabellen kan vera god å ha, konstaterer han.
Nokre skular har teke Larsen-appar i bruk i stasjonsundervisning. Dysleksiforbundet synest konseptet er interessant og frå spesialpedagogar i USA kjem meldingar om at appane er i bruk med godt resultat der.
App-gründaren er ganske åleine i den nynorske marknaden, og er opptatt av at programma skal vera tilgjengelege på begge målføre.
Nye og gamle brukarar kan vente seg fleire pedagogiske spel frå Larsen. Har han vorte rik på appane sine?
– Vel, draumen for mange programutviklarar på 90- talet var å køyra ein bil på F. Nokon Ferrari har det ikkje blitt, men eg har Ford Fiesta ST, og den har jo to f-ar, så det må no vera bra, smiler gründaren som held fram med jobb både ute og heime.
Dei som ikkje allereie har funne fram til dei pedagogiske appane, kan gå i App Store på iPaden. Søker du på Geir Larsen, dukkar dei opp - alle saman.