Avisa Hordaland: – Eg trur det vert veldig spennande og lærerikt. Eg håpar at me kan få til eit meir aktivt lokallag som kan få gjennom sakene våre, og gjera mykje sosialt og kjekt saman, seier den nyvalde leiaren.

Det nye lokallaget til senterungdommen hadde oppstartsmøte 6. april i år. Her vart det skipa eit interimsstyre, med Tonje Såkvitne som leiar for laget.

– Det er eit par år sidan det var eit aktivt lokallag her, forklarar ho.

Såkvitne har stor tru på den påtroppande leiaren.

– Dette vert veldig bra. Det er kjekt å få inn nokon i kjernealderen til senterungdommen. Agnes er eit kjent fjes for mange i vidaregåande-alder. Ho er dyktig og strukturert, og flink. Mest av alt er ho ein person som er lett å ta kontakt med, og bli kjent med. Ho hadde alt med seg nokre andre på årsmøtet, så trur ho er ein person som kan vera med å visa kor kjekt me har det i lag.

Denne saka her henta frå Avisa Hordaland, ei samarbeidsavis.