– Den er førebels open, men det er mange atterhald fordi den skal nyttast til anleggstrafikk. I første omgang vert den open for vanleg trafikk utanom arbeidstid, opplyser ingeniør Eirik Lia i Odda kommune.

Hjøllobrua havarerte under flaumen i oktober. I mellomtida har kommunen laga ein mellombels veg via Smelteverkstomta, og folk må framleis nytta denne når det er anleggstrafikk.

– Vi må og sjå an stabiliteten og vurdera i høve til verhøve.Om vasstanden aukar må vi vurdera å stenga Hjøllobrua att, seier Lia.

Han veit ikkje kor lenge dette vert situasjonen, men legg til at ein må eit tidspunkt vil måtta riva brua og erstatta den.  Prisen vert truleg 20 millionar kroner.

Næringslivet er glade for at kundane no kan nytta Hjøllobrua i periodar, og dagleg leiar Øyvind Ribesen ved Bohus rosar kommunen for samarbeidsvilje.

– Det kommunen har gjort har vore veldig bra, og dei skal ha honnør og takk for å ha vore samarbeidsvillige for å finna løysingar for oss som er næringsdrivande. Dei har gjort ein fantastisk jobb med den førebelse vegen, og har vore imøtekommande for å finna løysingar for oss, seier Ribesen.

Medan Rimi opna for fleire veker sidan, opnar Bohus 11. desember.