«Hjelp. Jeg er strandet med en plagsom jente» skreiv Felix for mange år sidan. No har flaskeposten dukka opp på ein usannsynleg stad

Det var dottera til Inger-Marie Eikedalen i Porsgrunn som fann ei gammal colaflaske med Felix Tverdal (15) sin lapp inni. Der stod det at han budde i Odda. I dag bur Felix og familien i same by som mottakaren.