Historisk mange medlemmer: — Dette gjev oss moglegheit til å vere ei endå tydelegare stemme

Leiar: Per Kristian Eilertsen saman med lokallagsleiar i Indre Hardanger, Gry Folkvord. Foto: Human-Etisk Forbund

Leiar: Per Kristian Eilertsen saman med lokallagsleiar i Indre Hardanger, Gry Folkvord. Foto: Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund passerer 100 000 medlemmer. Det er første gong i forbundet, som no har eksistert i 65 år.

DEL

I Hordaland, eller det som var Hordaland, er det no 8619 medlemmer, melder regionlagsleiar, Per Kristian Eilertsen.

— Dette gjev oss moglegheit til å vere ei endå tydelegare stemme for humanistar i Noreg, uttalar Eilertsen i ei pressemelding.

I Indre Hardanger har forbundet 224 medlemmer.

Human-Etisk Forbund dannar fellesskap for humanistar, og jobbar for tankefridom, alle menneske sin fridom til å velje, og ein sekulær stat, heiter det i pressemeldinga.

Dei jobbar no med å tydeleggjere verdien av eit humanistisk livssynssamfunn for enkeltmenneske, og for å vise kvar dei viktigaste kampane står for humanistar i dag, i Noreg og i resten av verda.

I Hordaland regionlag er det sju lokallag. Desse arrangerer seremoniar til dei viktige overgangane i livet, som til dømes namnedagar og konfirmasjonar.

Human-Etisk Forbund jobbar òg politisk for at alle skal ha fridom til å velje i sine liv, og for sekulære kommunar.

— Dei siste åra har me blant anna jobba med kartlegging av livssynsnøytrale seremonirom, fordi me meiner det er viktig at ikkje-religiøse har verdige stader for sine seremoniar. Me merkar særleg at det er aukande behov for livssynsnøytrale rom til gravferder, fortel regionlagsleiaren.

Dei ønsker òg at pasientar på sjukehus og bebuarar på sjukeheimar skal få tilgang til ikkje-religiøs livsrettleiing.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken