Severine Seljestad sitt eventyrlege liv

Seljestad Station: fotografert av Axel Lindahl i 1888. Dei to minste jentene til høgre på fotoet frå Seljestad skysstasjon er nabojentene Ingrid Seljestad (f. 1884) og Severina Seljestad (f. 1878) som vaks opp på Seljestad.

Seljestad Station: fotografert av Axel Lindahl i 1888. Dei to minste jentene til høgre på fotoet frå Seljestad skysstasjon er nabojentene Ingrid Seljestad (f. 1884) og Severina Seljestad (f. 1878) som vaks opp på Seljestad.

Av
DEL

«Severine Seljestad sitt eventyrlege liv» er tittelen som Bjørn Seljestad har sett på foredraget han vil halda på Odda bibliotek laurdag 2. februar.

Hardanger Historielag er arrangør i samarbeid med Odda bibliotek.

Dei fire jentene på Seljestad skysstasjon er eit kjent og populært motiv. Den kjende fotografen Axel Lindahl tok biletet «Seljestad station» då han reiste forbi Seljestad i 1888.

Vi legg best merke til jenta som står med reiseskrinet, ungjenta Torbjørg Seljestad. Ho dreiv seinare Hotel Folgefonn. Men på bakken i bakgrunnen sit systera Severine. Ho var født i 1878 og ho merka seg ut med eit uvanleg flott og langt hår.

Tjue år gammal reiste ho til Amerika, og der starta eit eventyrleg liv for Severine. Likevel kom ho tilbake til Seljestad. Ho gifta seg i 1911 med naboguten og dei busette seg på husmannsplassen nedanfor hotellet.

Ho fekk tre barn og har mange etterkomarar. Overgangen frå riksmannsliv i USA til små kår på Seljestad var stor. Kva opplevde Severine «over there» og kven var ho?

Barnebarnet Bjørn Seljestad vil visa foto og kåsera om bestemor si på Odda bibliotek. Bjørn er kjend som ein god formidlar. Han er lærar i Haugesund, men kjem frå Odda og har fritidsbustad på Seljestad.

Hardanger Historielag vart stifta i 1908 og har i 110 år vore eit samlande forum for alle som interesserer seg for nær og fjern fortid i Hardanger. Kvart år gjev laget ut årboka Hardanger.

Brita Jordal,

skrivar i Hardanger Historielag

Artikkeltags