Skatt frå Eidfjord returnert

Ringspenne frå Lægreid i Eidfjord.

Ringspenne frå Lægreid i Eidfjord. Foto:

Ringspenna frå Lægreid i Eidfjord er ein av gjenstandane som har komme tilbake til Universitetsmuseet i Bergen i god stand.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

VikingskattenPolitiet har no sikta tre menn i forbindelse med tjuveriet av over 400 gjenstandar frå Universitetsmuseet i Bergen i august. Gjenstandane var hovudsakleg frå jernalderen, og særleg vikingtida. Det var BA som først melde om pågripinga av to menn torsdag.

No skal så mykje som to tredelar av tjuvegodset vera funne, og på Facebook-sida der universitetsmuseet har delt bilde av dei forsvunne gjenstandane sidan innbrotet fann stad, har dei no begynt å dela bilde av gjenstandane som har komme tilbake. HF har tidlegare skrive om fleire av gjenstandane som hadde opphav i Odda og Ullensvang.

Ein av skattane som no har komme til rette igjen er ei ringspenne frå Lægreid i Eidfjord. På sida kan ein sjå bilde av gjenstandar som har blitt skada, men ringspenna er like heil.

– Det vi skal jobba med framover, dreier seg mellom anna om reparasjon, konservasjon og dokumentasjon av gjenstandane vi har fått tilbake. Arbeidet kjem til å ta både veker og månader, seier Asbjørn Engevik, instituttleiar på Universitetsmuseet i Bergen til Uib.no.

Artikkeltags