Kraftmuseet har fått anorakken i si eiga, og dottera til Ingerid, Brita Jordal, har nøsta opp i historia om anorakken og kva han var med på denne fyrste vinteren etter krigen - og seinare. Ho har og lånt ut bilete frå mora sitt album.

– Det er jo ein litt spesiell historie, som gir eit tidsbilete og dokumenterer korleis ungdom frå Odda valde å feira den fyrste vinter og påske i fridom etter fem år i krig. Teksten i referatet seier noko om gleda over endelig å kunne arrangera noko i felleskap etter fem år der det var ulovleg å arrangera noko felles, og ein merkar både sitring, iver og glede, seier marknadsførar Elisabeth W. Hauge ved museet.

Ho har skrive av teksten i referatet frå turen, - det var Odda Ungdomslag som arrangerte - medan Brita Jordal fortel historien rundt ein kvit anorakk som vart kjøpt for 75 år sidan og om foreldra sitt turliv.

– I den tida me er i no, med sterke restriksjonar og forbod mot felles arrangement, er det kanskje fyrste gong me som er fødde etter krigen kan forstå litt av korleis det var, seier Hauge som meiner historia og referatet difor har ekstra aktualitet.

Ein ting Hauge har bete seg merke i, er at gutane konkurrerte i slalom, medan jentene køyrde utfor.

– Du treng meir teknikk i slalom, men utfor er jo mykje tøffare, seier ho.

Anorakken

For 75 år sidan, våren og påske 1946, var Oddajenta Ingerid nyforelska og den heldige eigar av ein ny, kvit fjellanorakk. Fem krigsår med lite av det meste og med strenge begrensningar for kva det var lov å finna på, var tilbakelagt. No var ungdomane klare for ei ny tid, ein ny giv.

Anorakken hadde Ingerid fått tak i på konfeksjonsavdelinga i varemagasinet til Odda Samvirkelag. Det låg midt i sentrum, i «Naftabakken» der Bakkegata møte Kremarvegen. Her gjekk ho forbi kvar dag på vegen mellom Brownhuset i Skulegata på Bakke og jobben ho hadde i Hagens bokhandel nedst i Røldalsvegen. Kanskje vart anorakken innkjøpt hausten 1945, eller kanskje på nyåret, det hugsa ho ikkje 50 år seinare då ho leverte anorakken inn til Industristadmuseet.

Men anorakken var «eit funn» den gongen etter krigen. «Vi var glade for alt vi fekk tak i», har ho fortalt. Ganske ny kjærast hadde ho òg fått. Torvald hadde ho møtt i Ungdomshallen om hausten. Dei var begge blitt medlemer av Odda Ungdomslag då lag og organisasjonar kunna starta opp igjen etter krigen, og dei lika både leik og dans/songdans og gammaldans. Ei anna felles interesse var friluftsliv og fjellturar.

Våren 1946 var dei 20 og 22 år og optimistiske og glade. I fotoalbumet etter Ingerid er det fleire gode øyeblikksbilde som osar av ungdommeleg glede. På bileta kan vi sjå at ho har den kvite anorakken. Han var vindtett og fin og akkurat passe, og ho var ei lykkeleg og snerten friluftsjente.

Søndag 24. mars 1946 var dei på Hildalsstølen. Odda Ungdomslag hadde «lagsrenn» og både ho og Torvald fekk diplom for deltaking i langrenn. Kanskje var dette einaste gongen dei deltok i eit renn, konkurranse var ikkje «greia» for nokon av dei. Men best hugsa ho truleg at ho hadde stilt i «utfor», - i alle fall var ho mest kry av det og gjentok det gjerne, for ikkje alle jentene turde. Ho kom kanskje ikkje først i mål, ho var ingen «fighter», men ho lika verkeleg å gå på ski og å koma ut i naturen.

Sommar som vinter var anorakken god å ha. Tur over Hardangervidda og Sørfjordsrindane var han òg med på andre sommaren, viser fine minne i fotoalbumet.

(saka held fram under biletet)

Påsken 1946 var dei på Håvås i Sjausetedalen, stølsområdet til Vasstun, Mannsåker og Hjøllo. Foto viser at her hadde dei det moro i lag med andre ungdomar. Torvald budde i Vasstun og dei gjekk lia opp frå Tjørnadalen, opp Kjembesberg. På Gamlestøl ovanfor Håvas hadde Torvald saman med broren Jakob og to andre kameratar, bygd seg ei lita hytta då dei var i 12 – 14-årsalderen. Det var ikkje store «kåken», men godt nok for eit par netter.

Påsken 1946 var svært sein, skjærtorsdag var ikkje før den 18. april, så det er ikkje rart at det var skralt med påskesnø igjen. Og sidan Ingerid hadde jobb i butikk, må vi rekna med at ho måtte på arbeid på påskeafta. Dermed vart det berre eit par dagar samanhengande fri.

(saka held fram under biletet)

Men kveldane var lyse i april så dei rakk opp etter arbeid. Og kanskje var to dagar fri akkurat passe lenge når maten måtte berast og hytta var kald og trong. Humøret hadde dei i alle fall med, og foto viser at dei gjekk på skitur til gamle stølshus inst i Sjausetedalen der gardane i Bygda hadde stølt tidlegare.

Seinare blei anorakken med på lengre turar, som over til Hildalsstølen, opp eller ned Strifallsbotnen og over Strifallsnuten. Det var nok av utfordringar på breie, tjørebreidde treski og med solide bambusstavar. Hyttebygging på Håvås og turar til mange stølar og nutar rundt Odda har han også opplevd. Ikkje så rart at han er ganske frynsete framme på armane, men elles er han i god stand. Han blei tatt godt vare på og var nok i bruk i minst femten år.

(saka held fram under biletet)

Sidan 1988, då museet fekk anorakken til samlingane, har han lagt i ro mellom silkepapir i ei skuffe i magasinet. Men i samband med re-organisering av tekstilane våre kom han fram igjen og skal no få ein omtale og foto på Digitalt Museum (dm.no) før han igjen forsvinn ned mellom syrefritt silkepapir. Kanskje får han no «evig liv» og kan fortelja om glad ungdom som priste friluftslivet med eigeninnsats og enkle midlar i 1946.

(saka held fram under biletet)


Referat på rim og oppsummering

Skituren til Hildalsstølen 23. Mars til 24. mars 1946.

En frisk og livsglad ungdom

trår tidt til venelag.

Det er kje berre stundom

men mest kvar Gudskapt dag.

Det er det unge motet

så strålefullt og glad

som dreg oss opp av rotet

og sender oss avstad.

Me dreg frå gamle tuft

frå arbeid sut og strid,

til fjells til lette luft

der kjenner me oss fri.

Der smiler dal og fjell

så underlig og godt

i blanke månekveld,

i stjerneklåre «nott».

Der lær kvar knaus og knoll

i morgonsola mild,

og gyldt vert berg og voll

men jorda drøymer still.


Det er det som dreg vårt lag

dit opp til fjell og snø,

frå yrkjedagens jag,

i striden for vårt brød,

for der i alt det fine

me gledast vil i lag

og flira åt dei hine

som heime ligg i mak.


Den tur me her vil nemna,

var opp til Hildalstøl.

og det vart ei rektig stemna

for ungdomslaget sjølv.

Frå Odda drog me laurdagskveld

med bil klokko tri og fem.

Dei fyrste sku nøra elden

og gjerne lura seg ein klem.

Ja, slik såg det mest ut

for dei gjekk då lag for lag

ei gjenta og ein gut.

Kan tru dei hadde smak.

Me gjekk og skreid og fekk utsyn gild

for der låg stølen så fin og still

og sel i sel i den kvite snø

var liksom blomar på heimebø.

Me kjende noko i hjarta gro,

det var som ingen ting tyngja.

Me vart so fegne og berre lo

me fekk slik hug til å syngja.

I kvart sel stod ein omn så heit

og ynskte oss alle vel møtt!

For inkje noko me var i beit,

og livet var vel så søtt.

Me song og sjaua og fekk oss mat,

og sidan måtte me festa,

og ingen var det som sturne sat

for alle storselet gjesta.

Her var det dans og spel,

men og litt alvorsamt laut til,

for om me er i eit sel,

vår fornuft me bruka vil.

Til tidtrøyte fekk me deklamert av Sande og av Vinje;

men det som var mest verdt,

var alt som dei Sunnfjords-tingje.

Då det leid over midnatt ein stund,

fekk me bod fra det leidande lag,

at no fekk me ta oss ein blund,

men stå opp at så snart det vart dag.

Og no sku me leggjast

og alle få seg seng eller "Schlaf-sekk»,-

og no sku me eggjast

om kven som sku krypa oppi eller gå vekk.

Ja, det gjekk no slik at i posen me smatt.

Der var glidelås god som ny,

og me sov i frå oss den heile nott

med krampetak i lås og ty.

Ja, ein glidelås er god

då går allting så greitt,

men av knappane vert du så leitt.


Og så søndagen var der med spaning og tru. Det var så mykje til å gjera.

Men dei som veit kos alle ting må snu,

dei må dei leidande vera.

Men alt gjekk i sving

og vart gjort i ein fart,

så snart me stod i ring

og var klare til start.


Springande og tevande for dei i veg,

som dei gjer i langrenn flest,

og alle tenkte dei berre på seg:

her galdt det om å væra best.

Me sprang og sprang så me mest vilde stupa, men kvikna til att ved mål då me fekk varm kjøtt-supa.

Seinare vart det slalom, med utforrenn og fall, men då snødde det litt og han bles og var kald.

Då me pakka i ein fart og ynskte oss heim til varme og turre klær,

og tjua den som er smart,

for han ikkje tyngste børa ber.

Heimturen gjekk lett

og alle kom på trallen.

Me kom sakte i hug,

dansen i ungdomshallen.


Sverre Eikemo

skrivar for turen


(Saka held fram under biletet)



Om laurdagen den 23/3-46 reiste 20 gutar og 13 gjentor til Hildalstølen, og om sundagen kom det opp 8 gutar og 3 gjentor, so tilsaman var me 44 lagslemer på tur.

Om sundagen hadde me langrenn, ca 5 km lang løype for gutane og ca. 3,5 km for gjentorne, og etterpå slalom for gutane og utforrenn for gjentorne. Alv Moe var sjef for rennet og tidtakar. Torbjørg Hildal var også tidtakar og Nils Håvåg var bakkesjef. Johs. Hildal (Krygen) kokte sup.

Om sundagskvelden den 24/3- 46 var det dans med premieutdeling i Ungdomshallen. Ola Mannsåker spela trekkspel, og stundom vart han avløyst av Erling Jordal. Forutan dei som var med på turen møtte ein del andre lagslemer fram so me var ca 80 stk på dansen.

Formannen sa at dette var det fyrsye verkelige lagsrennet i laget, og at det skulle verta årvisst med aksjepokal. Det var stor stemning då han og Alf Moe delte ut premiane og Alf vilde sjølvsagt levera premiane til gjentone.

På dansen avgjorde me nokre lagssaker:

1. Eiliv K. Eitrheim vart vald som Ungdomslaget sin repr. I 17.mai nemda for 1946.

2. Det vart vedteke at Ungdomslaget skulde skipa til ei samkoma til inntekt for Nasjonal hjelpi si Fridomsgåva. Til å ta seg av dette vart fylgjande nemd vald: Formannen, Ola Grønsdal, Finn Sandvik, Sverre Eikemo og Torbjørg Kambestad.


Me dansa til kl. 12.

T.Kambestad

skrivar

(Lagsboka der ungdomslagert sin skitur er refert og dikta og - og restultata frå renn)