Unesco-Arild i sigersrus

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Kven skulle tru at ein odding hjalp Ålesund til siger i cupfinalen 2009?

DEL

Vel, kanskje er Arild Traa ikkje heilt samd i at han skal omtalast som odding, sjølv om han altså har budd i Odda dei siste månadene, og har teke jobben som Unesco-koordinator for Odda.

Men sant er det at Traa står bak teksten til ein hyllest-song til Ålesund fotballklubb. Songen har blitt framført både like før semifinalen, og på utestaden Rockefeller av sjølvaste The Margarets kvelden før Ålesund møtte Molde på Ullevaal stadion i Oslo i dag, sundag. Margarets, som også er kjent som bandet til teaterversjonen av Bikubesong, har laga melodien til songen til Traa. Songen ligg på Ålesund fotballklubb sine nettsider.

Det kan altså ikkje utelukkast at teksten frå Traa bidrog til at Ålesund greide å slå Molde.

HF fekk sundag ettermiddag telefonisk kontakt med ein lettare euforisk Traa på veg ned frå Ullevaal, i ei tettpakka T-banevogn saman med «ein million Ålesund-fans» også kalla «Stormen» på veg til feiring.

- Det var fantastisk. Det var den ultimate fotballkampen, med skåring av Molde først, så utvisning, så utlikning, straffekonk og til slutt siger. Det var utruleg at vi slo nabo og erkefiende Molde i cupfinalen, og det med ti mann!

- Var det songen som vippa dette i riktig retning?

- Hehe, tja sei det. Songen er laga for å skape begeistring, og har kanskje hatt noko å seie. Det ville vore moro.

Artikkeltags