Gå til sidens hovedinnhold

Til Hovedlandsrennet

Artikkelen er over 13 år gammel

Ingvild Skare Thygesen og tre andre frå idrettslaget Korlevoll er på veg til Tynset. I helga deltek dei i Hovedlandsrennet i langrenn - uoffisielt NM for 15 og 16 åringar.

Denne helga dreg Ingvild Skare Thygesen, Beate Eide Tokheim, Martin Finne Thomas Solberg Eide frå idrettslaget Korlevoll til Tynset. Der skal dei bryna seg mot dei aller beste i landet.

Hovedlandsrennet er uoffisielt NM for dei to aldersklassane. Konkurransen startar i dag med sprint friteknikk. Dei 30 beste frå prologen går vidare. Laurdag er det klassisk 5 km for 15 åringane, Ingvild og Martin, og jenter 16, Beathe, medan Thomas skal gå 7,5 km. Sundag er det kretsstafett.