I bortekampen mot Leirvik fredag, viste OFK seg sterke og vann velfortent 1-5.

Leirvik starta kampen med å score eitt mål etter sju minutter. Der hadde ikkje OFK stilt opp muren raskt nok til frispark, og Jan Helge Kalvenes på Leirvik såg opning og fekk ballen rett inn.

OFK var ikkje seine med å utligne. Neste scoring kom i 13 minutt. Espen L. Berntsen sendte eit hjørnespark som Tore Næss henta ned og fekk plassert rett i mål.

I 17 minutt, kom det ein fin ball fra Bjarte Nes og Jan Eirik Bertelsen fullførte pasninga rett i mål. Bertelsen var også han som scora i det 29 minutt. Han sprang frå forsvaret til Leirvik og aleine mot keeper, var det lett for OFK å komme i 1-3 til pause.

Punkterte motstanderne

Etter sju minutter i andre omgang, gjer Svein H. Haugen eit godt løp. Han sprang fram frå eigen halvdel og sette ballen der den helst skal vere; i målet til motstandaren.

Leirvik som hadde produsert fleire sjansar både i første og andre omgang, vart punktert med dette fraspranget på tre mål. Det siste målet i kampen kom i det 73 minutt. Svein Tore Hansen sørga for fint forarbeid medan toppscoraren i kampen, Jan Eirik Bertelsen, avslutta målkampen med resultatet 1-5.

Imponert trener

- Imponerende, sier trener Øyvind Bjørkevoll til oddafk.no. Han legger til at OFK i dag er et lag som gjør jobben sammen, et lag der flere står frem og der alle jobber for alle.

OFK leier no tabellen og ligg an til opprykk. Dei leiar no med fire poeng før Tertnes, og med fem mål før Leirvik som tapte sin første heimekamp for OFK fredag. Fire kampar gjenstår liikevel før vinnaren av seieren står klar.

Neste kamp for OFK er heimekamp mot Os 15. september.