Norgescup i paragliding til Røldal

«Heile norgeseliten og muligens også fleire topp-pilotar frå dei andre nordiske landa, entrar helga 24.-26. mai luftrommet over store deler av distriktet vårt. Det blir garantert eit flott skue for publikum!», skriv Hardanger Paraglider-klubb

«Heile norgeseliten og muligens også fleire topp-pilotar frå dei andre nordiske landa, entrar helga 24.-26. mai luftrommet over store deler av distriktet vårt. Det blir garantert eit flott skue for publikum!», skriv Hardanger Paraglider-klubb Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Hardanger Paraglider-klubb arrangerer neste sesong Røldal Open/Norges Cup i paragliding.

DEL

«Heile norgeseliten og muligens også fleire topp-pilotar frå dei andre nordiske landa, entrar helga 24.-26. mai luftrommet over store deler av distriktet vårt. Det blir garantert eit flott skue for publikum!».

Det skriv Hardanger Paraglider-klubb i ei melding til redaksjonen. Meldinga er signert Hardanger Paraglider klubb, Ivar Sandstå, stevneleiar i Røldal.

Han skriv vidare at «Stevnekontoret blir lagt til Røldal sentrum. Dersom veret blir bra, kan Røldal venta 100-150 tilreisande denne helga. Røldal/Løyning er eit nytt og spennande område med veldig god oppdrift for paragliding.

I tillegg til konkurranseflyging, vil publikum kunne sjå og prøve tandemflyging. Det kjem også mange friflygare som ikkje er med i konkurransen.

Paraglidersporten har hatt ei stor utvikling dei siste 15 åra. Paragliderskjermen har i motsetnad til tidlegare blitt ei avansert «flymaskin» som kan fly lange strekk på over 40 mil. Det krev sjølvsagt ein våken og erfaren pilot.», skriv Sandstå.

«Frå Løyning, som også er ein av NC startstadene i mai 2014, blei det i juni 2012 sett nordisk rekord i Out & Return. Flyturen gjekk frå Løyning til Kinsarvik og tilbake til Løyning. Piloten var Tom Salomonsen frå Oslo, som og tidlegare i år var første pilot med paraglider over Hardangervidda.

Fleire av pilotane som kjem til Røldal, held eit høgt internasjonalt nivå, mange av dei er blant dei beste i verda. Kvar dag under Røldal Open, gir oppgåve-komiteen ei fly-oppgåve til konkurransepilotane. Denne oppgåva kan for eksempel vere å fly strekninga Løyning-Odda-Nesflaten med mål i Røldal.

Turane blir dokumenterte med GPS track-log, og førstemann i mål vinn dagens konkurranse.

Røldal er saman med Voss, Hallingdal, Hjartdal, Hvittingfoss og Hemsedal, vald ut for neste års Norgescupar.», opplyser Ivar Sandstå og Hardanger Paragliderklubb.

Artikkeltags