Rittleiar Inge Kristoffersen melder om eit vellukka sykkelritt i år, turløpet som går fjorden rundt, med start på Utne til mållinja på Lofthus.
I år blei rittet avvikla for 6. gong, og Kristoffersen er nøgd med deltakartalet.
- Dette var kjekt. 150 syklistar er rekord for Hardingrittet, sa ein glad rittleiar.
Rundt hundre deltok på sykkelrittet i fjor og året før var deltakartalet 115.
Han melder vidare om eit roleg og fredeleg sykkelløp på trafikkerte vegar. Odda Sykkelklubb hjelpte til med vakthold i Odda sentrum, som gjekk fredeleg for seg.
- Eg må få gje ein stor takk til Odda sykkelklubb, dei gjorde ein flott innsats. På lik linje med alle andre involverte som og fortener ein klapp på skuldra, sa Kristoffersen.
Alle får premie
Hovudpremien på Hardingrittet er ein kasse morellar til raskaste mann og kvinna.
Heile 30 ryttarar kom inn til mål i fyrste pulje, som då får same sluttid som var på 01.44.08. Då er reglane slik at fyrstepremien må trekkast om. Og den heldige vinnaren vart Oddvar Martin Kaarebøe frå Bergen (BCK).
Raskaste kvinna var Ellen Amdal frå Sauda. Ho passerte målstreken aleine.
Elles får alle deltakarar ein kopp morellar når dei kjem over målstreken. I tillegg får ryttarane Hardingmedalja etter kor mange gongar dei har deltatt på rittet. Dei får bronse for fyrste gong, sølv for tredje gong og gull for femte gong.
Det var kun ei kvinneleg sykkelryttar frå vårt distriktet som deltok, Kristin Johansen, Odda CK. Ho sykla fjorden rundt på tida 03.14.04.
Liste over dei lokale ryttarane som passerte målstreken i fyrste pulje.
Sluttid: 01.44.08.
Menn 1:
Hans Arne Kvingedal, Odda SK.
Øystein B. Jakobsen, Odda CK.
Lars-Olav Måkestad Apold (frå Aga), syklar for BCK.
Menn2:
Ørjan Nordtveit, Hardanger SK.
Jørgen Eide, Hardanger SK.
Ken Tony Johansen, Odda.
Menn 3:
Kjetil Frøystein Larsen, Odda SK.
Øyvind Ribesen, Odda SK.
Kjetil Torkilsen, Odda sykkelklubb.
Per Erik Eimhjellen (frå Lofthus), sykler for Eidsfossen.
Menn 4:
Nils Magne Hagen, Odda SK.