Gå til sidens hovedinnhold

Vogntog knuste ruter

Artikkelen er over 6 år gammel

Sjåfør kan ha fått glas på auga.

Ved 19.30-tida onsdag fekk Hardanger lensmannsdistrikt melding om at to vogntog hadde komme litt for tett på Haukeli.

Dermed knuste det ruter i begge køyretøya, og den eine sjåføren kan ha fått glas på auga.

Politibetjent Svein Buer opplyser at sjåføren dermed vart sendt til sjukehus for ein sjekk. Begge sjåførane vart også rutinemessig testa for promille, men ingen slo ut på dette. Dermed reknar Buer med at det heile var eit uhell.