Vinnarane av RFC

Cato Lægreid var speaker og laga god stemning før han sjølv sette utfor.

Cato Lægreid var speaker og laga god stemning før han sjølv sette utfor. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Dennis Risvoll frå Vågå vant Røldal Freeride Challenge, medan Morten Mæland Bakketun vart beste lokale med ein niandeplass.

DEL

- Det var ekstremt høgt nivå utover dagen, seier pressekontakt Pelle Gangeskar.

Dennis Risvoll frå Vågå vant klassen «men ski» med 25, 4 poeng. Halfdan Knudsen tok andreplass, og Espen Fadnes tredje.

- Morten Mæland Bakketun markerte seg sterkt, seier Gangeskar.

Lokale

Bakketun tok niandeplassen, medan Martin Brekke Skare kom på 19. plass og Jostein Skeie frå Røldal 21. plass. Han vart etterfølgt av sambygdingen Nils Kristian Berge på 22. plass, og Cato Lægreid på 25. plass, med det som Gangeskar seier er den største baklengs saltoen ein har sett i området.

- Røldalspatriot Martine Gleditsch frå Oslo vant damer alpint, opplyser pressekontakten vidare.

Torbjørn Paulsen tok seieren i men snowboard, og Sigurd Løvfall vant i telemark.

Artikkeltags