Fylkesutvalet stiller seg positiv til Odda kommune sitt initiativ for å utgreie eit lokalt, offentleg eigarskap med regional- og statleg medverknad, men fylkeskommunen vil ikkje gå inn som eigar av området.
I fylkesutvalet sitt møte på Stord 12. juni vert dette forslaget frå Høgre vedteke:
1. Fylkesutvalet ser på nominasjon av verdsarv i Odda og Tyssedal som ei viktig regional sak. Fylkesutvalet meiner at nominasjonsarbeidet må innrettast slik at ein utviklar eit breidt eigarskap til saka. Prosessen må gjerast i samråd mellom statlege, regionale og lokale styresmakter.
2. Fylkesutvalet ber om at ein set ned ei politisk/administrativ gruppe for å følgje opp arbeidet med verdsarvstatus. Gruppa må har representantar frå kommune, fylke og stat. Gruppa skal koordinere og følgje arbeidet og ta naudsynte initiativ overfor lokale, regionale, statlege og verdsarvorgana i UNESCO.
3. Fylkesutvalet bed om at Miljøverndepartementet handsamar fredingssaka for Odda Smelteverk så snart som råd slik at ein kan arbeide vidare med verdsarvnominasjonen for Odda, Tyssedal, Rjukan og Notodden.
4. Fylkesutvalet stiller seg positiv til Odda kommune sitt initiativ for å utgreie eit lokalt, offentleg eigarskap med regional- og statleg medverknad, men fylkeskommunen vil ikkje gå inn som eigar av området.
Forslaget vert vedteke med åtte røyster (H, V, KrF, Sp, SV).
Mindretalet på sju (Ap, Frp) i fylkesutvalet røysta for dette forslaget frå Arbeidarpartiet:
«1. Hordaland Fylkeskommune går inn for at Kraftanlegga i Tyssedal vert Hordaland og Odda sitt bidrag i serienominasjonen til UNESCO, saman med Notodden og Rjukan. Odda Smelteverk vert ikkje ein del av Unescosøknaden. Fylkesutvalet ønskjer at avgrensinga bidrar til nødvendig lokal forankring og entusiasme for verdsarvprosjektet.
2. UNESCO-prosessen må ikkje vera til hinder for anna næringsutvikling, bustadbygging eller andre tiltak som kan bidra til ny aktivitet i Odda. Det må snarast koma skriftlege avklaring frå Riksantikvaren om kva som skal fredast og kva føringar som vert gitt for framtidsretta utvikling av det som vert freda. Den lange prosessen og mangel på forutsigbarhet har vore ei sterk påkjenning for Odda.
3. Fylkesutvalet respekterer dei lovleg fatta vedtaka om rivingsløyve for kalkomnar. Hordaland fylkeskommune skal bidra til en positiv utvikling av Odda.
4. Området og anlegga som Riksantikvaren har foreslått å freda er så omfattande at det er vanskeleg å finansiera og drifta. Riksantikvaren må difor klargjere dei økonomiske rammene som staten vil bidra med før endeleg vedtak om freding. Riksantikvaren må ta ansvar for at det er ein realistisk samanheng mellom freding, økonomi og moglegheit for berekraftig aktivitet i det som blir freda. Det er ikkje aktuelt for Hordaland fylkeskommune å gå inn i eit offentleg medeigarskap i dei freda områdane av Odda smelteverk. Den økonomiske risikoen er alt for stor.»