Eit hovudtema er spørsmålet om Odda-modellen kan bli nasjonal politikk?

I Odda har full språkdeling vore praktisert uendra sidan 1913, då Odda vart eigen kommune. Praksisen har vore ein garantist for språkfred og godt læremiljø – også på ungdomssteget, og han minskar risikoen for målbyte i den vidaregåande skulen, meiner målrørsla.

Løfta til nasjonalt nivå

– Av økonomiske årsaker kom modellen under press i Odda i 2013. Odda Mållag ynskjer å tryggja Oddamodellen, difor fremja vi saka på Noregs Mållag sitt landsmøte på Gardermoen i 2014. Landsmøtet vedtok samrøystes støtte til Odda-modellen, og løfta han dermed opp på eit nasjonalt nivå. Målet er at staten skal dekkja meirkostnadene. Og Noregs Mållag har vurdert saka om sikring av Odda-modellen som så viktig, at det er hovudtemaet når Noregs Mållag legg Haustseminaret 2014 til Odda.

– Me ynskjer å få vita meir om korleis denne ordninga kom i gang, korleis ho fungerer og stilla oss spørsmålet: Er dette ei løysing for å hindra språkbyta me opplever i ungdomsskulen? Kan dette bli nasjonal politikk? Dette skriv Noregs Mållag i sin invitasjon som går til alle.

Historia

– Den fyrste parallellklasseordninga vart skipa i Odda. Folkeskulen vart frå hausten 1914 delt i ei landsmåls- og ei riksmålsavdeling, og foreldra kunne fritt velja kva for klasse borna skulle gå i. Dette vart etter kvart også ein del av den nasjonale løysinga. Høvet til å skipa klasser med eit anna opplæringsmål enn fleirtalet ved skulen, vart lovfest med ei endring av målparagrafen i folkeskulelova i desember 1917. Vilkåret var at det var nok elevar til å fylla ei klasse og at det ikkje førte til «nævneværdig større utgifter for kommunen».

Likevel er ordninga i Odda unik. Der held språkdelinga fram også i ungdomsskulen. Medan andre gjerne blandar elevane i ungdomsskulen.

Kommunesamanslåing

Andre tema er kommunesamanslåingar, nynorsk i arbeidslivet og fagrørsla, og kampanjehausten. Me skal òg få oppleva noko av det rike kulturlivet i Odda og høyra om industrisoga til Tyssedal, skriv Noregs Mållag.

Møteleiarar gjennom haustseminaret til Noregs Mållag er Ingrid Fiskaa og Janne Nygård.