Gå til sidens hovedinnhold

- Vi skal vinna kampen saman

Artikkelen er over 6 år gammel

Politikarane er imponerte over ungdommane sitt engasjement for idrettslinja, og lovar no å støtta kampen vidare.

– Eg sit her å svarar på mellom 20 og 40 e-postar frå lokale ungdommar, og det er kjempeflott at det er så stort engasjement. Det er viktig at lokalbefolkninga tek i eit tak, særs etter at ordføraren stemte mot å halda oppe idrettslinja, seier Rasmus Laupsa Rasmussen, som er fraksjonsleiar, opplærings- og helseutvalet i Hordaland Arbeiderparti.

41 ungdommar i Odda, Røldal og Ullensvang mobiliserer no for å få attende tilbod om idrettslinja ved Odda vidaregåande skule, og dei har mellom anna sendt e-post til fylkespolitikarane. Måndag svarte Rasmussen at dette er noko Ap heile tida har kjempa for.

«Vi kommer til å kjempe vidare for det, og vi setter stor pris på deres engasjement. Stå på videre, dette skal vi vinne saman», skriv han til elevane.

Også ordførar John Opdal synest det er flott at elevane sjølv engasjerer seg, men han vil ikkje kommentera kva som skjedde då linja vart lagt ned i fjor. Tysdag vil han fremma forslag om å oppretta linja igjen.

– Eg veit det får støtte frå Høgre, Frp og Venstre. Eg reknar og med at Ap vil støtta forslaget, seier Opdal.

Samstundes understrekar han at det er viktig med nok søkarar for å halda oppe linjetilbod i framtida.

Kommentarer til denne saken