– Vi opnar med full julebutikk

Dagleg leiar Øyvind Ribesen og dei tilsette gler seg til opning.

Dagleg leiar Øyvind Ribesen og dei tilsette gler seg til opning. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Bohus vart hardt råka av flaumen, men 11. desember er butikken endeleg klar for å opna dørene for kundane att.

DEL

– Vi opnar med full julebutikk, og har masse varer som skal på plass før 11. desember. Vi har moglegheit til å levera varer før jul, seier Øyvind Ribesen, som er dagleg leiar ved Bohus.

Butikken på Hjøllo vart hardt råka av flaumen, og alle dei tilsette har vore permitterte. No er lokala tørka, og ein har fått erstatta det naudsynte.

– Eg håpar at kundane køyrer inn på Smelteverkstomta og finn fram til oss. Eg håpar at Bohus og Rimi dreg folk i denne retninga, slik at dei kan kjøpa mat, møblar og interiør same staden, smiler Ribesen.

Hjøllobrua er som kjend stengt, og dermed ein køyra om Smelteverkstomta. Også Rimi måtte stenga etter flaumen, men opna att for to veker sidan.

Når Bohus opnar torsdag 11. desember er det seks veker sidan dei måtte stenga, og det er ikkje tvil om at flaumen vert dyr.

I desember er det tre år sidan dei opna, og dei har ingen stor buffer. Samstundes har dei hatt ei positiv utvikling, og kan berre stipulera økonomiske tap for perioden dei har vore stengde.

– Eg har ikkje rekna eksakt på det, men med arbeid og oppussing er det ikkje langt unna tre millionar. Det meste er forsikring, men eg har ikkje total oversikt.

Artikkeltags