– Det er i etterforskinga og granskinga ikkje funne noko som kan forklare kva som skjedde. Lastebilen er granska og det er ikkje funne feil eller manglar som kunne årsaka ulykka, opplyser politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand i Hardanger Lensmannsdistrikt.

Det var 8. mars i år at lastebilen køyrde av vegen ved Deildo på Rv. 13 i Ullensvang. Lastebilsjåføren Stein Erik Svoldal Karlsen omkom i ulykka.

– Den omkomne sine mobiltelefonar og trafikk på desse er analyserte. Den omkomne nytta ikkje telefon då ulykka skjedde. forklarar Aarsand.

Fleire avhøyr

I ei pressemelding vert det opplyst at fleire vitne og er avhøyrt, men at dette ikkje gav kunnskap om hendings- og årsakssamanheng. I starten av etterforskinga fekk politiet og opplysningar, tips og informasjon som vart granska.

Heller ikkje noko av dette materialet gav haldepunkt for vidare gransking, eller forklaring.

– Det vil ikkje skje meir i saka, og etterforskinga er avslutta, stadfestar Aarsand til HF.

Politiet har hatt møte med dei pårørande og orientert dei om saka. Ingen av partane ønskjer å spekulera meir i kva som kan ha vore årsak til ulykka.

Aarsand seier at det ikkje er uvanleg at slike saker vert avslutta utan klare svar på kva som forårsaka hendinga.

Området ved Deildo vart granska same dag som utforkøyringa skjedde, og det har seinare vore gjennomført nye granskingar av området, inkludert vegen og skråninga ovanfor.

Ulykkesgruppa

– Ulykkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden – og seinare granska ulykkeskøyretøyet, etter at det var heva og transportert til Eitrheim i Odda, heiter det i pressemeldinga.

36 år gamle Svoldal Karlsen vart funnen i lastebilen.

Lastebilen låg då på 80 meters djup i Sørfjorden ved Deildo, og vart heva frå sjøen laurdag 16. mars.