Gå til sidens hovedinnhold

Var kalven for tidleg ute?

Artikkelen er over 6 år gammel

Laurdag stod det plutseleg eit reinsdyr i Øvre Eidfjord. Om kalven var for tidleg ute til villreinmøtet, eller om han ville dela ut julegåver er ikkje klart.

– Eg såg ein kar som stod parkert litt rart i Øvre Eidfjord og stoppa for å snakka med han. Eg trudde ikkje mine eigne auge då det stod eit reinsdyr der, seier Eirik Sæbø.

I 14.30-tida laurdag var han på jobb, og skulle henta noko. På ein grasbakke i bygda stod det då det som truleg er eit ungt reinsdyr.

– Me stod 20 meter frå, og dyret ensa oss ikkje. Det verka eigentleg veldig tamt, og beita på bøen, fortel Sæbø.

Han har aldri sett noko liknande, og seier at ein kunne sjå ribbebeina på dyret. Samstundes understrekar han at han ikkje er nokon ekspert på området.

Første gang?

– Det er første gang eg har høyrt om rein i Øvre Eidfjord, så dette er nokså uvanleg. Men det er nok avhengig av kvar ein bur, dei som bur nærare fjellet kan nok ha opplevd likande tidlegare, seier Gunnar Elnan, som er sekretær i Eidfjord fjellstyre.

Laurdag vert Hardangervidda villreinutval sitt årlege haustmøte arrangert i Eidfjord, og kanskje synest dyret det var på tide at også dei vert representerte? Eller er dette ein Rudolf som var for tidleg ute til å dela ut julegåver?

Måndag visste verken Sæbø eller Elnan meir om skjebnen til dyret, eller kvar det hadde tatt vegen. Andre kjelder stadfestar at villrein tidlegare har trekt mot tettbygde strøk kring Vidda.

Kommentarer til denne saken