Utfordringar for Hjøllo

Brua havarerte under flaumen.

Brua havarerte under flaumen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Eit halvt år før den havarerte brua vert fiksa.

DEL

– Me prioriterer den havarerte Hjøllobrua, men har fått estimert at det vil ta seks månadar å få denne på plass. I mellomtida vil me sjå kva moglegheiter det er mogleg å få på plass, opplyste teknisk sjef Jostein Eitrheim under informasjonsmøtet onsdag.

Næringslivet er kritiske til vegen som no går via Smelteverkstomta, og kommunen understrekar at det gjer det dei kan. I mellomtida jobbar ein for å få på plass gatelys og fast dekke på vegen, slik at den vert reinare å køyra.

– Vegen er den store utfordringa for Bohus og oss. Me må få ein god veg så fort som mogleg, den må verta godt skilta og eg håpar kundane er lojale, har Sverre Stordal, som er distriktssjef i Rimi, uttalt.

Artikkeltags