Gå til sidens hovedinnhold

Usikker på neste fiskesesong

Artikkelen er over 6 år gammel

Skadane på laksetrappa i Opo er store, men før ein kan starta reparasjonane må ein finna ut kven som er eigar.

– Opo er eit verna vassdrag, og for å verta ei god lakseelv igjen er trappa viktig. For gytebestanden lenger oppe er den ein føresetnad, seier Terje Mikkelsen, leiar i elveeigarlaget.

Det er snart ein månad sidan Opo flauma over og tok nytt løp. Fem hus vart tatt av vassmassane, og mange eigedommar fekk store skadar.

– Dei gode fisketeteigane er heilt endra. Elva har tatt heilt andre løp, og ein må arbeida alt opp på nytt, forklarar han.

Knust betong

Planane om ei fisketrapp i Opo vart lansert før krigen, og arbeidet starta i 1946. Trappa stod ferdig i 1955, og vart reparert på 70-talet.

– Elveeigarlaget har jamleg reparert og halde den vedlike dei siste 10–15 åra. Vi har og fått teikningar på ei ny trapp, seier leiaren i elvelaget.

Desse planane vart laga før flaumen, og høva er difor vesentleg endra. Ved Vasstun ligg store betongrøyr, som tidlegare var dekka av stein og fylt med vatn, tomme. Litt lenger nede ligg kummen, der ein tidlegare kunne telja fisk, dels knust og tom for vatn.

Uavklart

Skadane på laksetrappa er store, men før ein kan starta reparasjonane må ein finna ut kven som er eigar.

– Det er uavklart kven som eig den. Det kan vera kommunen, det kan vera dei private, det kan vera Odda Jakt og Fiskelag og det kan vera ein kombinasjon av desse, forklarar Mikkelsen.

NVE er som kjend i gang med krisetiltak i elva, og fordi det er eit verna vassdrag er det berre dei som kan gjera større endringar. Mikkelsen synest difor det hadde vore spanande om laksetrappa kom med i dei heilskaplege planane deira.

– At elveløpet er endra treng ikkje vera negativt for fisk, det er avhengig av korleis det nye elveløpet ser ut. Det som er viktig no er arbeidet med sikringstiltaka, at dei vert utført på ein slik måte at omsynet til fisken vert ivareteke på best mogleg måte, kommenterer Gry Walle, som er rådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland.

Samstundes understrekar ho at fordi største delen av det anadrome arealet i Opo er oppstraums, så er fisketrappa viktig for produksjonen av laks og sjøaure. Bestandssituasjonen for laks og sjøaure er kritisk i Hardangerfjorden, difor er det viktig å sikra ein god og stor produksjon i Opo for både vassdraget og regionen.

Neste sesong

– Eg har fiska i elva i 45–50 år og kjenner meg ikkje att nokon stad. Det har komme massar og strender der det ikkje har vore noko tidlegare, seier Ivar Lægreid, leiar i Odda Jakt og Fiskelag.

Fiskesesongen var over 31. august, og Lægreid synest det er for tidleg å seie noko om neste sesong. Samstundes er det klart at alle teigar og soner er råka, og at fleire er fullstendig raserte. Dermed kan neste år verta vanskeleg.

– Det kjem an på kor høgt kommunen og NVE prioriterer dette arbeidet. Det er umogleg å seie kor langt dette er komme neste år, seier Lægreid.

Medan ein mur redda bygget på Eideøyna, har sjølve øya store skadar. Lægreid meiner laksetrappa har for store skadar til at den kan reparerast.

Kommentarer til denne saken