Ung språkrøkt gav utteljing

Elise Winterthun t.v. og Brita Øvregård fekk kvar sin målpris utdelt under russefrukosten. Dei er gode ambassadørar for nynorsk og medvetne dialektbrukarar.

Elise Winterthun t.v. og Brita Øvregård fekk kvar sin målpris utdelt under russefrukosten. Dei er gode ambassadørar for nynorsk og medvetne dialektbrukarar. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Brita Øvregård og Elise Digranes Winterthun har gjennom dei tre åra på Odda vidaregåande skule utmerka seg som gode ambassadørar for nynorsk som målføre. Det gav utteljing

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Under russefrukosten i aulauen på skulen fredag, fekk Brita Odda Mållag sin Nynorskpris 2009 for god målbruk. Ikkje berre er ho ein god nynorsk-brukar, men og ein utmerkt ambassadør for Røldal og røldalsmålet, stod det i grunngjevinga frå mållaget.

- Ho er ein god og sikker brukar av nynorsk og ein medveten dialektbrukar, vert det streka under.

I Haldor O. Opedal sitt fond for allmennyttige føremål, er det eit legat for fremme av god målbruk i distriktet. Norsk-seksjonen på skulen er jury, og var ikkje i tvil om at Elise var den beste nynorskeleven i dette kullet.

- Ho er ein sikker språkbrukar både på bokmål og nynorsk, og har ei sikker formuleringsevne, vart det sagt i samband med overrekkinga.

I tillegg til fin diplom, fekk dei to språkmedvetne jentene ein sjekk på 2000 kroner kvar.

Artikkeltags