Tunnel under vidda

NYTT VEGFORSLAG. Kartet syner ideen om å legge Rv7 langs Sysenvatnet i vest, og vidare i tunnel frå Leirvatn til Bergmulen i aust. Den nyskipa aksjonsgruppa bak ideen meiner det ligg fleire vinstar i løysinga. Gul stripe viser noverande veg.

NYTT VEGFORSLAG. Kartet syner ideen om å legge Rv7 langs Sysenvatnet i vest, og vidare i tunnel frå Leirvatn til Bergmulen i aust. Den nyskipa aksjonsgruppa bak ideen meiner det ligg fleire vinstar i løysinga. Gul stripe viser noverande veg.

Artikkelen er over 8 år gammel

Ei aksjonsgruppe som består av folk frå Hardanger og Hallingdal jobbar med ein plan som vil legge om Rv7 over Hardangervidda. Ideen er å la vegen gå langs Sysenvatnet og deretter i ein 15 km lang tunnel mot Haugastøl. Med det ynskjer dei å auke stabiliteten på vinterovergangen, skjerme villreinen og korte ned avstanden.

DEL

Vona er å få den nye traseen til 1,9 mrd. inn i Nasjonal Transportplan. Vona er å få prosjektet inn på Nasjonal Transportplan.

Heile den nye traseen vil ligge under 1000 meter over havet, det vil seie 250 meter lågare enn i dag. Den vil også korte inn avstanden med 11 kilometer, seier ideen, som vart lagt fram på eit møte på Geilo nyleg. Der var både hallingar og hardingar samla.

Omsyn til villreinen
Aksjonsgruppa meiner den nye traseen vil gjere det lettare for villreinen å kunne vandre til vinterbeitet i nord. I dag er vinteropen Rv7 rekna som ei utfordring for villreinen å krysse. Ivar Arne Lid frå Geilo er ein av dei som står bak den nye ideen. - Dette er ein ide som har gått lenge på folkemunne. Men no har fleire teke tak i han og responsen har vore fenomenal. Ein slik tunnel vil mellom anna korte inn køyretida med 20-25 minutt, seier Lid til HF.

Ordførar i Hol, Erik Kaupang, som også er formann i Interesseselskapet for Rv7(IS Rv7), er oppglødd for planane.
- Dette er eit stort prosjekt. Det ligg nok ei stund fram i tid, men det er ein god ide, og eg håpar alle krefter kan spele på lag for å få dette til.
- Trur du dette vil fjerne problemet med vinterstenging?
- Nei, eg trur ikkje det. Ingen kan kome med slike garantiar, men løysinga vil redusere problemet i stor grad. Ein har ikkje dei opne områda som der vegen går over vidda i dag. Men dette vil vi måtte skaffe meir informasjon om, seier Kaupang.
- Når trur du eit slikt prosjekt kunne hamne i Nasjonal Transportplan?
- Dersom dette vert ein realitet, så tippar eg i 2020-25. Det gjeld å sjå langt fram når ein set seg store mål, og Hardangerbrua viser at det er mogleg, seier Kaupang. IS Rv7 skal ta saka opp på årsmøtet sitt i juni 2010.

Skal legge strategi
Sverre Kleivkås frå Lofthus er valt inn i aksjonsgruppa. Han fortel at gruppa tek sikte på å arbeide etter ein liknande modell som aksjonsgruppa for Hardangerbrua.
- Dette er heilt i startgropa, så vi har ikkje kome så langt. Vi skal ha eit møte ganske raskt, der vi vil drøfte strategien framover, seier Kleivkås.

Artikkeltags