Truleg stengt til onsdag

VEGEN OVER HAUKELI VERT STENGT I DAGAR. Frå raset i Austmannalitunnelen natt til fredag.

VEGEN OVER HAUKELI VERT STENGT I DAGAR. Frå raset i Austmannalitunnelen natt til fredag. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

E134 ved Austmannalitunnelen vert truleg stengt fram til onsdag ettermiddag. I helga startar arbeidet med å renska opp i området der raset gjekk.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Fungerande distriktssjef Lars Øyre seier tuil HF fredag kveld at rasområdet må renskast før ein kan ta til med å rydde vegen. Det er også mykje utstyr som skal på plass i samband med ryddearbeidet.

Av omsyn til mannskapet som skal rydde vegen, må Statens vegvesen sikre fjellet over tunnelportalen før vegen og tunnelen kan ryddast for steinmassar.

Dette kom fram etter at ein geolog frå Vegvesenet var på synfaring i området i dag. Sikringsarbeidet krev spesialutstyr og det vil ta litt tid før utstyret er på plass. Vegen kan derfor bli stengt fram til ettermiddagen onsdag 25. november, melder Vegvesenet.

Statens vegvesen karakteriserer ikkje området ved Austmannalitunnelen som eit område der det vanlegvis går steinras. Her er det snøras som er mest vanleg.

Omkøyring

Vegen er stengt for kjøretøy over 7,5 tonn. Det er etablert omkjøring for kjøretøy opp til 7,5 tonn via gamlevegen i Austmannalia. Kjøretøy over 7,5 tonn må kjøre E16 Filefjell, rv. 7 Hardangervidda eller E18 om Sørlandet.

Artikkeltags