Trafikkampen i Hardanger

Kartet viser vegar frå Odda til Bergen:
Folgefonntunnelene, Årsnes-Gjermundshamn-Tysnes
Jondalstunnelen, Jondal-Tørvikbygd.
Odda-Kvanndal-Utne-Kvamskogen-Bergen

Hardangerbrua.

Kartet viser vegar frå Odda til Bergen: Folgefonntunnelene, Årsnes-Gjermundshamn-Tysnes Jondalstunnelen, Jondal-Tørvikbygd. Odda-Kvanndal-Utne-Kvamskogen-Bergen Hardangerbrua. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Etter 2013 vil det vera fire vegsamband som kjempar om trafikken mellom Odda og Bergen. Alle har dei sine fordeler og ulemper.

DEL

Når Jondalstunnelen opnar neste år, og Hardangerbrua opnar på vårparten i 2013, vil vi ha fire alternative reiseruter mellom Odda og Bergen.

Kva alternativ folk vil føretrekkja kjem an på fleire faktorar, meiner Per Steffen Myhren. Han er seniorrådgjevar i Statens vegvesen, nærare bestemt i fylkesavdelinga Hordaland, i staben til vegdirektør Olav Finne.

- Ein kan til dømes sjå på statusen til dei ulike vegane. Vi har ein riksveg: Hardangerbrua og via Voss. Denne vegen er ferjefri, men lang å køyra. Dei tre andre vegane har ferje, og lengst køyrelengd av dei har Utne - Kvandal. Dei to siste alternativa er vel omtrent like lange, det kan tenkjast at Jondalstunnelen er to-tre kilometer kortare enn via Årsnes - Gjermundshamn. Men dersom Tyssetunnelen vert ferdig om tre-fire år, kan det også vera til ein viss fordel for Årsnes-alternativet, seier Myhren, og legg til at han tykkjer det er svært spesielt at vi etter bruopninga vil ha heile fire vegval mellom Bergen og Odda.

- Det er uhyre sjeldan ein ser dette, at det blir bygt så mange like trasear. Og tre av dei er alle komne dei siste ti åra, kommenterer han.

Forventa trafikk

Det har vore mykje snakk om dei estimerte trafikktala for Hardangerbrua. Statens vegvesen sin transportmodell for Hordaland er nytta som grunnlag, og har tilrådd at det blir lagt til grunn ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 1.950 køyrety i opningsåret (som opphavleg var rekna til 2010).

Det vart og gjort utrekningar for Jondalstunnelen både med og utan bompengar, og av effektane av Hardangerbrua.

Det er også rekna på korleis opphevinga av bompengeinnkrevjinga på Folgefonntunnelen vil verka inn på trafikken i Jondalstunnelen.

Statens vegvesen har tilrådd at det blir lagt til grunn eit trafikkgrunnlag på 340 køyrety (ÅDT) for Jondalstunnelen i opningsåret (også her rekna til 2010). Det er lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga for Folgefonntunnelen blir oppheva i 2016, og at trafikken i Jondalstunnelen etter dette blir redusert med om lag 50 køyrety (ÅDT).

Fleire alternativ kompliserer

Det å rekna ut kva trafikk eit nytt samband kan koma til å få, kan vi forstå at ikkje er heilt enkelt. Når det i tillegg er avhengig av korleis utviklinga går i tre andre samband, der det også er utbetringar mot andre samband igjen, har vi bevega oss inn på områda spekulasjon og synsing. Men i dette tilfellet klarer vi ikkje stå imot freistinga.

- Det at trafikantane har fleire alternativ å velja mellom gjer at det er komplisert å rekna ut fordelinga på dei ulike rutene, og dermed trafikkgrunnlaget. Det vi veit, at det er ei gulrot for mange å sleppa å reisa med ferje, medan andre heller køyrer litt lenger for å sleppa å betala så mykje i bompengar. Andre har alt innarbeidd eit fast køyremønster dei ikkje er interesserte i å endra på. Det vi i alle fall kan vera samde om, er at det blir spennande å sjå utviklinga. Den som lever får sjå, fastslår seniorrådgjevar Myhren.

Artikkeltags