Torsdag startar bruarbeidet

MED SALUTT. Torsdag startar arbeidet med Hardangerbrua med ein smell, seier prosjektleiar Øivind Søvik.
Arkivfoto: Jens H. Ådnanes

MED SALUTT. Torsdag startar arbeidet med Hardangerbrua med ein smell, seier prosjektleiar Øivind Søvik. Arkivfoto: Jens H. Ådnanes

Artikkelen er over 11 år gammel

Torsdag fyrstkomande startar arbeidet med Hardangerbrua. Det vert markert med ein sprengsalve i Vallvik.

DEL

Torsdag ettermiddag vil AF Gruppen markera starten på arbeidet med gigantprosjektet Hardangebrua med å fyra av ein opningssalve i forskjæringa til tunnelen for gang- og sykkelvegen på Vallaviksida.

Det fortel prosjektleiar Øivind Søvik i Statens Vegvesen til Hardanger Folkeblad.

Vegvesenet har inviterert mellom andre media, grunneigarar og veg-naboar til å delta på markeringa, som skjer på prosjektkontoret i Vallavik.

- Her vil me ha godt utsyn til opningssalva frå terrassen, og i trygg avstand, seier Søvik. Etter markeringa skal vegvesenet også ha eit informasjonsmøte med grunneigarar og dei som bur nærmast til anleggsstaden.

Det er også AF Gruppen som har fått arbeidet med tilførslevegane på Bu-sida. Også her vil ein truleg starta opp med det fyrste, men sjølve markeringa av heile prosjektet føregår altså i Vallavik.

Til sommaren kjem også Veidekke, som fekk betongarbeida. Elles er det full gang i arbeidet med rassikringsprosjektet frå Brimnes mot Bu. Eit arbeid E. Opedal & Sønner har. Øvste del av dette - fyllinga over Bugjelet vil verta ein del av prosjektet med tilførslevegane til brua, sier Søvik.

Som om ikkje det er nok, vert det invitert til storfest i Eidfjordhallen laurdag.

Artikkeltags