Gå til sidens hovedinnhold

To nye sesongar med Fjorden Cowboys!

Artikkelen er over 7 år gammel

Lothepus vert framleis følgt av TV-kamera, og det vert 20 nye episodar av Fjorden Cowboys.

- TV 2 er veldig fornøgde med å ha signert kontrakt med Flimmer film for to nye sesongar av Fjorden Cowboys og det er helt openbert ut frå både sjåartala og responsen på sosiale medium at dette er noko mange har sakna, og definitivt ønsker å sjå meir av, seier Nina Lorgen Flemmen, som er sjef for nisjekanalar i TV 2, til Kampanje

Onsdag viste TV2 Zebra den førebels siste episoden av Fjorden Cowboys, og etterpå skreiv dei dette på sine Facebook-sider: Gratulerer Fjorden Cowboys! Vel blåst med første sesong! Og utrolig gøy at TV 2 har bestilt to nye sesonger!

Serien, der Leif Einar Lothe og Joar Førde er hovudpersonar, er nominert til i kategorien «beste dokusåpe» når Gullruten-prisane vert delt ut i mai.

Same hovudpersonar

Regissør Hildegunn Wærnesser på veg vidare til eit nytt filmprosjekt og seier at ho difor ikkje er aktuell som regissør.

- Min ambisjon var heile tida å laga ein sesong, og eg føler at eg har fått ut det eg ville på den eine sesongen, fortel ho.

- Vert det eventuelt same hovudpersonane i ein ny sesong?

- Det er ikkje Fjorden Cowboys utan Joar og Lothepus, svarar Wærness.

- Inspirerande

Den første episoden av Fjorden Cowboys vart vist i februar og hadde 51.000 sjåarar og ein andel på 4,3 prosent, medan den som vart vist like etter hadde 44.000 sjåarar som utgjer ein andel på 4,4 prosent.

Kampanje melder at det seinare har vore opp mot 200.000 sjåarar.

- Dette er ikkje eit tema eller ein historie, men ei skildring av ein inspirerande måte å gripa livet på. Eg trur mange i Noreg kjenner seg att i dette, men det vert gløymt i det offentlege, sa produsent Lars Løge då.

Det har ikkje lukkast HF å kome i kontakt med TV2 torsdag.