– Tek frå dei små og gir til dei større

Arne Lofthus og Marta Bjørgum Meland (t.h.) fekk støtte frå ordførar Solfrid Borge då dei protesterte.

Arne Lofthus og Marta Bjørgum Meland (t.h.) fekk støtte frå ordførar Solfrid Borge då dei protesterte. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Medan Sylvi Listhaug meiner at bøndene får for mykje i årets jordbruksoppgjer, ville lokale bønder helst hatt enno meire.

DEL

– Det har skjedd ei betring. Når det gjeld fruktdyrking ser det ikkje så gale ut, for me har fått attende fruktlagertilskotet, seier Marta Bjørgum Meland i Bondelaget, som legg til at ho ikkje har full oversikt på detaljane.

Onsdag vart Høyre, Frp, Venstre og KrF einige om jordbruksoppgjeret.

NRK? melder at dette er ei auke i budsjettramma på om 250 millionar kroner over statens opphavlege tilbod til bøndene.

Jordbrukspensjonen redda

– Me skulle sjølvsagt ønska mykje meir, for om me skal koma opp på same inntekt som vanlege norske borgarar treng me ei auke. Å produsera mat er det viktigaste som finst, kommenterer Meland.

Både ho og Arne Lofthus, som er leiar Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag, synest det er bra at jordbrukspensjonen vart redda.

Også Lofthus er glad for at fruktlagertilskotet kom inn att, men er elles ikkje nøgd og viser til at strukturen ikkje er endra.

For mykje?

– Dei tek frå dei mindre og gir til dei større, meiner Lofthus.

Samstundes legg ikkje landbruksminister Sylvi Listhaug skjul på at regjeringa meiner at bøndene no får litt for mykje, og at KrF og Venstre er årsaka til auken.

«Det er klart det er en utfordring at bondeorganisasjonene ser at bare de protesterer høyt nok, så kan de gå til Stortinget og få mer i potten», sa ho i Politisk Kvarter på NRK P2.

Artikkeltags