Gå til sidens hovedinnhold

Struktur på gang for to alternativ

Artikkelen er over 6 år gammel

Nord-alternativet gir meir klingande mynt i kassa enn hopehav med Odda og Jondal.

Det kunne prosjektleiar Joakim Øren, Ulvik-rådmannen som er kjøpt delvis fri for oppdraget, konstatere då han orienterte Ullensvang-politikarane om utgreiingsarbeidet for kommunesamanslåing.

Heradet skal i likskap med fleire andre, til dømes Odda, greie ut to alternativ. Øren står for Ullensvang-, Eidfjord-, Ulvik- og Granvin-konstellasjonen, medan rådgjevar Bjørnar Dagstad i Kvam skal greia ut trioen Odda, Ullensvang, Jondal parallelt med Odda, Jondal og Kvam.

Faktagrunnlag

Prosjektleiarane skal samla inn informasjon og fakta, ikkje vurdera alternativa opp mot kvarandre.

– Me samlar inn, analyserer og presenterer. Me skal ikkje koma med framlegg eller synspunkt på kor sjukeheimar skal ligge, korleis skulestrukturen skal vera eller kor kommunesenter blir. Me kartlegg moglegheiter som grunnlag for de politikarar som skal fatta vedtak, sa Øren.

Sidan mandata for dei to samanslåingane er ganske like, er det tett dialog mellom prosjektleiarane.

– Utgreiingane vil og vera laga over same lest slik at det er mogleg å samanlikna alternativa for dei som skal fatta avgjerd.

Mellom det politikarane må einast om, er kommunevåpen – og dei tilsette si framtid. Kven kan halda fram i stillinga dei har, kven får endra posisjon og nye oppgåver?

Øren reknar med at i perioden med etablering av ny kommunestruktur og tilpassing, vert ikkje trongen for arbeidskraft mindre.

Inntekter

Regjeringa har lova reformstøtte til å dekke eingongskostnadar ved samanslåing. Dette vert basert på tabellar for tal kommunar og innbyggartal. Såkalla basistilskot på 12,8 millionar fell i utgangspunktet bort ved samanslåing. Men dette er no endra slik at kommunane får behalde det i 15 år med nedtrapping dei etterfølgande fem. Nokre tilskot, som småkommunetillegg som t.d. Granvin får (5,5 mill), fell vekk, men skal kompenserast for. Dette inneber at nordalternativet kan rekna med 47 millionar og søralternativet 36 millionar årleg i 15 år– gode 150 millionar i skilnad.

– Me vil spissa utgreiingane mot det som er viktig og relevant, forsikra Øren. Før politikarane hadde gruppearbeid med involvering, demokrati og stadutvikling som tema.

Innbyggarane skal involvereast i prosessen. Men fyrst må fleire fakta på bordet.