Gå til sidens hovedinnhold

Stor brannøving på Eide

Artikkelen er over 6 år gammel

Alarmen går hos Odda brann og redning, men sjølv om det berre er ei øving veit ikkje brannfolka kva som ventar dei.

Rundt klokka 17 tysdag gjekk alarmen hos Odda brann og redning.

Om lag 27 lokale brannfolk vart kalla ut då alarmen gjekk. Sjølv om det berre er ei øving, veit dei likevel ikkje kva som ventar dei.

- Vi har slike øvingar ein gang i året. Det spesielle med denne øvinga er at det skjer to ulike hendingar, fortel brannsjef Karine Einang.

Fleire hendingar

Det heile starta med ei trafikkulykke på Eide, men etter kvart utviklar situasjonen seg. Dersom det ikkje dukkar opp andre oppdrag vil også politi og helsevesen delta.

- Denne type øvingar, der alle er med, skal vi i følgje vårt lovverk ha minst ein gang i året. I tillegg har vi øving kvar gang vi går på vakt, som i Odda er kvar femte veke, opplyser Einang i forkant.

Ho legg til at dei også har faste øvingar knytt mellom anna røyk og kjemikale.