Sp-Toppe roper varsku

LANGAR UT MOT H- OG FrP-POLITIKK. Sp sin toppkandidat i Hordaland, Kjersti Toppe, har lite tru på at Odda sjukehus overlever med blåblå politikk.

LANGAR UT MOT H- OG FrP-POLITIKK. Sp sin toppkandidat i Hordaland, Kjersti Toppe, har lite tru på at Odda sjukehus overlever med blåblå politikk. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

– Lokalsjukehusa vert utraderte om Høgre og Frp får sin politikk igjennom og det vil bli boom for private sjukehus. Odda sjukehus vil ikkje overleva blåblå løysing. Lokalpolitikarane må på bana!

DEL

Senterparti-topp i Hordaland, og lege, Kjersti Toppe, var klar i meldinga då ho vinka HF inn til ein prat i sjøkanten i helga.

Ho synte til eit oppslag i BA som laurdag melde at mange av dei private sjukehusa i Bergen no vil utvida tilboda fordi dei reknar med regjeringsskifte og blåblå politikk i staden for den raudgrøne som har hatt styring i åtte år.

Valkampen er i gang. Både Senterpartiet og Venstre stilte på Morellfestivalen. Kjersti Toppe var på offensiven og langa ut mot blå helsepolitikk.

– Høgre vil ha fritt behandlingsval, ikkje berre fritt sjukehusval som no. I dag er ti prosent av behandlinga på private sjukehus. Det er greitt, men det er ikkje greitt at det akselererer, seier Toppe som ser for seg utviding av eksisterande tilbod i tillegg til nye.

– I Hordaland ligg dei store private helsetilboda i Bergen. Det er naturleg for å få utnytta kapasiteten. Men det vil svekke det offentlege helsevesen som misser si særstilling, og det vil vera drepen for lokalsjukehusa, seier Toppe og legg til:

– Me kan berre drøyme om at Odda får del av ein utvida marknad. Meir privat drift er ein reell og stor trussel mot sjukehuset. Då vil det bli fritt fram for alle private selskap å tilby sjukehusbehandling, og det skal bli finansiert av det offentlege – pengane skal takast frå føretaka. Dei som trur at dette vil gje meir pengar til lokalsjukehusa, meir pengar til Odda, må tru om igjen.

Kjersti Toppe meiner lokalsjukehusa må styrkast for å motverke sentraliseringstrenden i helsesektoren. Dei må rom for å gje tilbod ut over å rein beredskap. Ho trur det nyttar å kjempe.

– Odda har hatt utfordringar, ikkje minst dei siste åra, men om det ikkje vert mobilisert no, er det utenkeleg at Odda sjukehus overlever. Eg var ueinig i å ta fødetilbodet vekk frå Odda, men det må vera mogleg å tilføre nye oppgåver dersom politikarane presser på. Eg har ikkje høyrt eitt ord frå Høgre eller andre opposisjonsparti for å finne andre løysingar. Det hadde eg forventa.

Toppe vil ha tverrpolitisk engasjement og ho ropar varsku. Høgre og Frp-politikken vil utarme det offentlege helsevesen, meiner ho.

– Politikarane er kanskje for snille her inne! Det trengst leiarar og direktørar i helseføretaket som står opp for sjukehuset sitt. Odda treng ein eigen direktør, slik det er på Voss sjukehus. Nordfjordeid har også måtte tola tap av akutt- og fødetilbod. Men sjå kva dei fekk til i Nordfjordeid. Der vart mykje rabalder, og resultatet vart at dei fekk trass alt mange nye polikliniske tilbod – som dei er svært nøgd med, seier ei engasjert listetopp.

– Det er vesentleg å ha kirurgisk akuttberedskap i Odda, ikkje minst på grunn av geografi og vær. Men det må og vera mogleg å legge poliklinisk aktivitet til Odda. Desentralisering er gjennomførbart, seier Toppe.

– Det er ikkje lett å rekruttere fagfolk inn hit ...

– Det er ei utfordring, men eit usakleg argument å nytta for å sentralisera. Bevisst ustabilitet i spørsmål om framtida for sjukehuset gjer at få tør søka hit og satsa på å etablera seg. Kven flyttar til Odda med nedleggingsspøkelse hangande over seg? svarar ho og legg til:

–Det er ein negativ spiral no. Dei evinnelege strategiplanane skaper ustabilitet. Fleire burde lese det Gjørv-rapporten etter 22. juli seier om lokalsjukehus – og teke det på alvor. Den understreka sterkt den viktige rolla lokalsjukehusa har for medisinsk beredskap i landet vårt. Den har teke år å bygge opp, men er lett å rive ned.

– Det er ikkje snakk om at lokalsjukehusa skal ta avansert hjernekirurgi. Men å kunne stabilisere pasientar før vidare transport til rett behandlingsstad. Det kan utgjere skilnaden på liv og død, seier Kjersti Toppe.

Artikkeltags