Gå til sidens hovedinnhold

Skal kåre «Hardangers beste rakafisk»

Artikkelen er over 6 år gammel

Laurdag samlar lokale rakafiskentusiastar seg på ny i Eidfjord.

20 lokale rakafiskentusiastar har levert inn sine bidrag, men det kan koma fleire, då fristen er sett til laurdag klokka 13. Eit dommarpanel vil smaka seg igjennom fisken, før det vert premiering, rakafiskmiddag og kåring av beste rakafisk i Hardangerviddahallen på kvelden.

Arthur Fjetland, betre kjent som Kokken Arthur, driv Hardangerviddahallen og er ansvarleg for denne utgåva av den tradisjonsrike rakafiskfesten. Han har merka auka interesse for rakafisk dei siste åra, og seier at det har vore høg kvalitet og jamt i toppen, når dommarane vurderer bidraga ut frå farge, smak, lukt, saltmengde og konsistens.

Kjell Fuglehaug er konferansier for arrangementet i Hardangerviddahallen, som vert avslutta med at bandet Strok spelar opp til dans.

Kommentarer til denne saken