Set inn miniubåt i søk

Arkivfoto: Silje Andvik Hoaas

Arkivfoto: Silje Andvik Hoaas

Artikkelen er over 9 år gammel

Onsdag vert det sett inn miniubåt i søket etter Inge Børslien.

DEL

I område der ulukka skjedde er det kring 80 meter djupt, og endå djupare rundt. Før onsdag kjem det ikkje til å skje noko.

- Det finst ingen andre fornuftige tiltak, seier lensmann Øyvind Rosseland som leiar leiteaksjonen.

Miniubåten vert leigd inn av eit privat firma i Bergen. Den er ubemanna og utstyrt med kamera, søkjar og posisjoneringsutstyr.

Søket vil skje onsdag og eventuelt torsdag.

Venstre er prega

- Det er framleis uverkeleg, seier fylkesleiaren i Venstre og ordførar i Ulvik, Mona Haugland Hellesnes.

Ho håpar inderleg at Inge Børslien vert funnen. Og meiner det vert endå tyngre om han ikkje blir det.

- Dette er noko som pregar heile fylkeslaget i Venstre, tankane våre går fyrst og fremst til familien, seier Haugland Hellesnes.

Fylkesleiaren har berre godord å seie om Børslien:

- Veldig tilstades

- Han var veldig tilstades og engasjert og difor veldig lett å like, - ein utruleg god politikar for Hordaland Venstre.

- Eg vil tru heile Odda blir påverka når noko slikt skjer, seier fylkesleiaren.

Hordaland Venstre har berre tre representantar i fylkespolitikken.

- Dermed vert den innsatsen kvar og ein gjer heilt uvurderleg. Det vert eit stort tomrom etter Inge Børslien, seier Haugland Hellesnes.

Partiet har fylkesårsmøte den 6. februar, der Inge Børslien skulle vore tilstades.

- Då vert det naturleg med ei minnestund, seier fylkesleiaren.

Artikkeltags