Gå til sidens hovedinnhold

Sakte og direkte frå Lofthus

Artikkelen er over 6 år gammel

Sakte-TV er i vinden. No skal også salmeboka til pers – frå perm til perm, minutt for minutt.

Nokre av minutta vert overførde frå Ullensvang, der fire kor tek oppstilling utanfor mellomalderkyrkja på Lofthus. Alle dei 899 salmane i Salmebok 2013 skal syngast gjennom ein 60 timar lang direktesending på NRK.

Med Trondheim som base og nokre utvalde stader elles i landet, er det duka for nok eit saktegåande fokus på eitt tema. Kor og songarar landet over er engasjerte i prosjektet. Ved Ullensvang kyrkje får Chorus 80 og Ullensvang ungdomskor selskap av mannskora Gullgutane frå Nesflaten i Suldal og Laudamus frå Kvam.

Den nye salmeboka erstattar den 28 år gamle Norsk samlebok, og vert no nytta i dei fleste kyrkjene våre.

Salmebok 2013 skal vera for både kyrkje og heim. I tillegg til dei gamle og kjende samediktarane som Petter Dass og Elias Blix, har også nyare diktarar fått plass. Til dømes Alf Prøysen, Edvard Hoem, Bjørn Eidsvåg og Kari Bremnes. Om ikkje alle dei nye har hatt salme som føremål for tekstane sine, har dei skrive dikt og songar som mange gjerne vi ha med inn i kyrkjerommet – og som er funne verdige ein plass i det sakrale rom.

Kantor Inger Elisabeth Aarvik karakteriserer den nye salmeboka som «frisk», og minner om at boka er viktig i trusopplæringa og som berar av norsk tradisjon.

Sendinga startar fredag. Etter køyreplanen kjem Ullensvang inn klokka 14.20 og 15.15 på laurdag. Deira bidrag er salmane nr 396-398 og 411-413. Utpå ettermiddag søndag er salmemaratonen over – med målgang og punktum i Fredrikstad.

Kommentarer til denne saken