Røldalsløpet i fint driv

Er det snart klart for start, eller?

Er det snart klart for start, eller? Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Sundag kunne startskotet går for Røldalsløpet for 20. gong. Fem løparar har delteke samtlige i løp.:

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Arne Martin Botnen, Oddny Sandal, Laila Kvåle, Lars Kvåle og Berit Ekkje kan alle sjå attande på tjue av tjue mogeleg gjennomførte Røldalsløp. Jubileumsløpet talde

83 trimmarar og 26 aktive deltakarar. I barneløpa deltok det 31 håpefulle. Raskest i løypa av dei vaksne var Randi Opheim og Odd Ivar Medhus.

Deltakarar frå bygda sjølv og tilreisande løpsentusiastar konkurrerte både mot klokka og kvarandre. Takk vera det vedvarande godveret, var idrettsplassen temmeleg støvete. Dermed var det godt å leska strupen i etterkant.

Dei yngste løparane fekk velfortent gullmedalje etter målpassering.

Tidleg på føremiddagen starta trimklassen som gjekk bygdeløypa på 6,5 km. Seinare var det klart for baneløp for dei mellom seks og tolv år. Frå ein til tre rundar måtte dei gjennom for å få medalje. Den 6.5 km bygdeløypa for dei over tolv år, starta og endte på idrettsplassen, men gjekk rundt i idrettsbygda som no har teke sommardrakta på.

HF fekk med tevlinga i dei yngste klassane og starten på bygderunden og kan konstatere at rekrutteringa ser ljos ut.

Her spring gamle og unge om kvarandre og inspirerar og motiverar kvarandre.

HF kjem med med mer i papirutgåva mondag/onsdag.

Artikkeltags