Rockar hausten inn igjen

Velure rock 09 er på beddingen. Her sjekkes forholdene i skredløpet i Velure av fra v. Inge Haustveit, Torhild B. Sttand, Torbjørg Velure og Jon Gunnar Strand. I midten, med snøeple på hodet; Jørund Olav Grønsnes.

Velure rock 09 er på beddingen. Her sjekkes forholdene i skredløpet i Velure av fra v. Inge Haustveit, Torhild B. Sttand, Torbjørg Velure og Jon Gunnar Strand. I midten, med snøeple på hodet; Jørund Olav Grønsnes. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Gjer klar for Velure Rock versjon to. Midt i august vert det skredrock på vestsida av fjorden igjen.

DEL

-Hardanger skal og på rocke-kartet, seier ein entusiastisk gjeng som for annen gong skipar til konsert på skredoverbygget i Velure.

Hardanger er meir enn fruktbløming mellom fjord og fjell. Under fonna er det lagt til rette for musikalsk bulder og brak der snø og stein raser vinterstid. No er det musikalske steinar som skal rulle mot fjellsida og gje gjenlyd over fjorden og attende.

I fjor fann om lag 400 vegen til konserten. I år reknar Velure Rock med å doble.

-Me har eitt mål: Å arrangera rocke-konsert ein gong i året. Vona er at det vert ein tradisjon, seier ein glad gjeng som er klare for rock – der me møter dei midt i eit av skreene i Velure.

For å freista både lokalt og tilreisande publikum, kjem Skambankt, James Greeve og truleg eit ungt rockeband på scena. Vinnar av Hardangermeisterskapen i rock vert og invitert med på Velure Rock.

Skambankt som har hausta mange lovord, ikkje minst på By-larm, har utgangspunkt i Kaizers Orchestra. Dei syng på si dialekt frå Stavanger. James Greeve er eit lokalt basert band, namna etter ei rett så god eplesort, men språket er nok mykje engelsk. Sjølv hardingar kan kommunisera på dette tungemålet. Kva dei yngste rockarane vil ha for språk, kan verta ei overrasking.

Den harde kjerne er stort sett som i fjor, med litt intern rullering. Mange av hjelparane frå jomfru-konserten i Velure-skredene har meldt seg til teneste i år og. På kikk-off-seminar sist veke, kom og nye entusiastar som vil vera med.

I år har dei organisert seg med styre og undergrupper med ansvar. Med i hovudstyret er leiar Inge Haustveit, Jan Gunnar og Torhild Strand, Tobjørg Velure, Jørund Olav Grønsnes, Kjetil Widding og Håkon Widding. Dei har plass for fleire hjalarar. Det er mykje å ordne både før, under og etter konserten.

Gjengen er godt i gang med tilrettelegging. Til og med på Face Book, eller fjesboka på godt nynorsk, er det ei Velure Rock-profil. Og film frå den første konserten ligg på You Tube for dei som vil mimra eller lade opp.

Dei lovar full trøkk og rock`n roll for dei i alderen femten til femogåtti. Målgruppa er vid, rocken er for alle og scena er storslagen.

Artikkeltags