Gå til sidens hovedinnhold

Politikar sikta for seksuelt overgrep

Artikkelen er over 6 år gammel

Ein politikar frå Hardanger er sikta for eit seksuelt overgrep, og påtaleansvarleg Trond Eide opplyser at mannen har erkjent forholdet.

– Han har erkjent straffskyld i avhøyr, opplyser politiadvokat Trond Eide onsdag.

24. oktober skreiv Hardanger Folkeblad at eit overgrep, som ligg attende i tid, vart meld til politiet i sommar.

Mannen som no er sikta for overgrepet er politikar, og har hatt mange ulike verv.

Ventar på påtaleavgjerd

Saka er no sendt til Hordaland statsadvokatembeter for påtaleavgjerd, men dei ønsker førebels ikkje å kommentera saka.

Bergens Tidende melder at siktinga gjeld eit tilfelle av seksuell omgang med eit barn under 14 år, og at strafferamma er fengsel i inntil ti år.

Politikaren har førebels trekt seg frå alle verv. Advokat Kjell Steinsbø, som er forsvarar for mannen, ventar på tilbakemelding frå politiet.

– Eg veit ikkje kva tilbakemeldinga vert. Eg har inga aning om når den kjem, men eg hadde håpt at den hadde komme for lenge sidan, opplyser han.

– Erkjenner din klient straffskuld?

– Det vil eg ikkje uttala meg om før eg får tilbakemelding frå politiet, svarar Steinsbø.

Også den fornærma skal ha forklart seg for politiet, men det har ikkje lukkast Hardanger Folkeblad å koma i kontakt med Ivar Abrahamsen, som er hans bistandsadvokat.

Ransaking

– Mannen vart sikta i samband med at han vart arrestert. Dette skjedde då eg begjærte retten om løyve til ransaking i heimen hans, opplyser Eide.

Han vil ikkje gå inn på om det vart gjort beslag i heimen, eller andre detaljar knytt til dette. Bergens Tidende skriv at både politikaren sin telefon og PC vart gått gjennom, og opplyser vidare at fornærma og sikta ikkje er i slekt.

– Eg kjenner til saka, og det var vedkommande som sjølv orienterte meg om den i starten av september. Han trakk seg då frå alle verv, og har meg kjend ingen verv per no. Ut over det ventar på me utfallet av politietterforskinga, kommenterer fylkesleiaren i det aktuelle partiet til Hardanger Folkeblad.

Han vil førebels ikkje gå inn på om saka vil påverka den sikta politikaren si framtid i partiet.