Gå til sidens hovedinnhold

Næringslivet hardt råka av flaumen

Artikkelen er over 6 år gammel

Odda Trykk & Reklame var måndag den einaste bedrifta på Hjøllo som fungerte som normalt.

Odda Trykk & Reklame rosar Odda kommune for å fort ha fått på plass vegen.

– Hos oss er det full rulle. Det var stopp den dagen dette skjedde og straumen gjekk, men no er det full fart, opplyser dagleg leiar Ivar Opedal.

50 menneske er knytt til Odda Produkt, som ligg på Hjøllo. Lokala vart hardt råka av flaumen, og Rudi anslår at vatnet på eit tidspunkt stod mellom ein og halvannan meter opp i lokalet.

Takstmann

Rudi tør ikkje anslå kor store skadane på eigedommen.. Bohus skal tysdag få besøk av ein takstmann, men dagleg leiar Øyvind Ribesen seier det er for tidleg å seie noko om økonomisk tap.

– Me har ti tilsette, og alle er permitterte. Eg har ikkje oversikt over når me kan få i gang drifta, det er for tidleg å seie noko om det, seier Ribesen.

Samstundes understrekar han at det ikkje er skadar på kjøpte varer, og at kundane vil få desse levert så snart det let seg gjera. Bestilte varer vil verta mellombels oppbevart i Haugesund.

Parkering

– Det er opplyst at det skal komma på plass veg i løpet av denne veka. Me må ha inn store lastebilar og trailerar før me kan setta i sving, forklarar Ribesen.

Det er no mogleg å køyra til Hjøllo, men førebels når ein ikkje fram til parkeringsplassen utføre Bohus og Rimi. Begge bedriftene meiner også at det er uheldig at vegen no går via Smelteverkstomta.

– Vegen er den store utfordringa for Bohus og oss. Me må få ein god veg så fort som mogleg, den må verta godt skilta og eg håpar kundane er lojale, understrekar Sverre Stordal, som er distriktssjef i Rimi.

Må kasta mat

Butikken, som har 12 tilsette, held mellombels stengt. Dei har berre fått vasskadar bak på lageret, og det økonomiske tapet går i stor grad på kjølevarer, frukt og grønt som ein må kasta fordi straumen var nede.

– Me må fylla containerar dei neste dagane, og så fylle butikken opp att slik at me kan opna så raskt som mogleg, seier distriktssjefen, som i utgangspunktet ikkje har permittert nokon av dei tilsette.

Straum, telefon og vatn var borte frå Hjøllo i tida etter storflaumen. Då området også mangla vegsamband måtte Laastad halde verkstaden stengt, men målet var å opna tysdag.

– Eg er ikkje kjend me at me skal ha fått materielle skadar, opplyser verkstadsjef Øystein Magnus.

Kommentarer til denne saken