Gå til sidens hovedinnhold

Måtte laga nye løysingar i Skjelvik

Artikkelen er over 6 år gammel

Ein liten feil i eit bruelement gjorde at Røynstrand måtte laga nye løysingar på Rv. 13 ved Skjelvik.

– Dette skjedde ein liten feil i eit betongelement, og i samband me dette måtte me omprosjektera litt. Det har gjort at me har hatt litt stopp, men arbeidet er no i gang att, seier prosjektingeniør Svein Johannes Røynstrand i Røynstrand Entreprenør.

I samband med øydeleggingane etter Dagmar har dei kontrakt med Statens vegvesen knytt til skadane på Rv. 13 i Skjelvik.

Kontraktarbeidet omfattar bygging av ny betongbru beståande av plasstøypte landkar og prefabrikkerte brubjelkar over skredløp.

Nye løysingar

På sine heimesider melder entreprenøren at ein mellom anna også skal utføra botn- og sideforstrekning av skredløp omkring brukonstruksjon.

–Me måtte finna nye løysingar og vart om lag seks veker forseinka. Me håpar å vera ferdige med brua før jul, forklarar Røynstrand onsdag.

Når den nye brua er klar må ein asfaltera, men når ein får gjort dette er avhengig av vêret. I utgangspunktet stenger asfaltverka om vinteren, men milde i tider kan dei jobba.

– Om det vert ein mild vinter kan me kanskje få asfaltert og opna brua rett etter nyttår.