Gå til sidens hovedinnhold

Mange retningar for Røldal

Artikkelen er over 7 år gammel

Det var bra oppmøte på folkemøtet om Røldal si framtid, og ei gruppe har no fått mandat til å greie ut kva kommune bygda bør høyra til.

– Me er strålande nøgde med oppmøtet, det kom i overkant av 50 personar. Det var eit av dei betre folkemøta eg har vore på, det var gode diskusjonar og me fekk vald ei gruppe som skal arbeide vidare med denne saka, oppsummerer Jarle Sandal.

Saman med Pelle Gangeskar og Dag Sverre Ekkje inviterte han onsdag til debatt og idemyldring på Røldal Grendahus.

Bakgrunnen er at Noreg står framfor ei innskrenking i talet kommunar, og at dette vil påverka bygda.

Mange retningar

– Det er ikkje tilfeldig at marknaden låg i Røldal, bygda er eit knutepunkt mellom aust og vest. I diskusjonen om framtidig kommune merkar me at det er mange retningar me kan ta, seier Sandal.

Han sit sjølv i den nyoppretta gruppa, og vil ikkje seie noko om kvar han trur bygda kjem til å enda opp.

Samstundes er han open om at både Suldal, Bykle og det å framleis vera ein del av Odda kan vera aktuelt.

Folkeavrøysting

– Røldal var ein eigen kommune for 50 år sidan, og den gangen vart me kasta inn i ein annan kommune utan særleg diskusjon. Denne gangen bør det vera eit bevisst val frå røldølene si side, slik at etterkomarane våre om 50 eller 100 år kan seie at me gjorde det beste ut frå den perioden me no er inne i, meiner Sandal.

Han legg til at det er brei semje om at innbyggarane i fjellbygda no må ta hand om si eiga framtid. Målet er at den nye gruppa skal koma med ei tilråding, og at ein skal ha ei folkeavrøysting.

– Når kommunekartet vert teikna neste gang skal me seie at dette valet gjorde me. Me sat ikkje å venta på Odda eller andre, me gjorde eit bevisst val og hadde ei folkeavrøysting, poengterer Sandal.

Interessant

Han vil vera ein pådrivar for at gruppa skal arbeida raskt framover, og fortel at dei vil samla seg att til hausten og deretter ha møter med aktuelle kommunar.

Dei vil også kalla inn til folkemøte når det er behov for det.

– Det vert kjekt og interessant å vera med å påverka Røldal si framtid. Det var ikkje viktig for meg at eg vart med i gruppa, men det var viktig at nokon unge var med, seier Jostein Skeie.

- Skrik høgst

18-åringen er den yngste medlemen i gruppa, og ser fram til å setje seg inn i dei ulike problemstillingane.

Han er open for ulike alternativ, og er ikkje redd for å seie kva han meiner til dei eldre i politisk uavhengige gruppa.

– Det er ikkje noko problem å verta høyrt, eg er nok den som skrik høgst. Eg skal nok få sagt mine meiningar.

Kommentarer til denne saken