Gå til sidens hovedinnhold

M/F «Stallovarre» reiser heim

Artikkelen er over 6 år gammel

Den leigde ferja frå Troms er snart ferdig med jobben sin i Kvinnherad.

Om alt går etter planen, vil M/F «Vikingen» og M/F «Hordaland» vera på plass i sambandet Årsnes–Gjermundshamn i komande veke, og dette vil bli den permanente løysinga. Inntil då vil M/F «Ølen» og M/F «Stord» trafikkera strekninga.

Tromsø-ferja M/F «Stallovarre» vart leigt inn for den tida det ville ta å byggja om M/F «Folgefonn», som går fast mellom Jektevik og Hodnaneset. For same perioden vart M/F «Hordaland» flytta frå Årsnes til sambandet over Langenuen. M/F «Folgefonn» er truleg ferdig frå verftet si hand i løpet av ei veke. Den skal då tilbake til sambandet Jektevik-Hodnaneset, samtidig som M/F «Hordaland» kan flyttast tilbake til Årsnes-Gjermundshamn.

Nett no er M/F «Vikingen» inne til årleg vedlikehald, medan M/F «Stallovarre» ligg hos Fjellstrand AS på Omastrand for reparasjon av skadane ferja fekk under samanstøyten med ferjekaien på Gjermundshamn sist fredag.

– Snakkar vi om omfattande skadar?

– Stålskadane er omfattande, men heldigvis er ingen avanserte komponentar skadde, seier Norled sin regionsjef for ferjene, Inge André Utåker.

Han beklagar den situasjonen dei reisande vart sette i i samband med uhellet.

– Heile laurdagen gjekk med berre éi ferje i sambandet, men frå søndag klokka elleve greidde vi igjen å få på plass ferje nummer to, seier regionsjefen.

– Har M/F «Stallovarre» gått sin siste tur mellom Årnes og Gjermundshamn?

– Så snart ombyggingsarbeidet med M/F «Folgefonn» er ferdig, vil M/F «Stallovarre» bli sendt tilbake til Troms. Det kan tenkjast ho må gå nokre dagar til i sambandet, men det blir ikkje lenge.