Løyve til Freim kraftverk

Freim kraftverk har fått løyve.
Illustrasjonsfoto

Freim kraftverk har fått løyve. Illustrasjonsfoto Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

NVE gav torsdag denne veka Hardanger Kraft AS løyve til å bygge Freim kraftverk i Freimselva.

DEL

Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 3,6 GWh, noko som tilsvarar det årlege forbruket til rundt 180 husstandar, skriv Norges Vassdrags- og elektrisitetsverk på sine heimesider.

Vassdraget er ein del av Opovassdraget, som vart verna i 1973 i verneplan i for vassdrag. Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 220 meter og endre naturleg vassføring på ein omlag 700 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel og nedgravne røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

NVEs meiner ei utbygging med minstevassføring som opprettheld ei naturleg og variert vassføring, i tillegg til små inngrep i ein edellauvskog i området, ikkje vil påverke verneverdiane i vassdraget. Minstevassføringa er sett til 180 l/s i perioden 1.mai – 30.september og 35 l/s i perioden 1.oktober – 30.april.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Artikkeltags