Gå til sidens hovedinnhold

Lanserer ekspressbuss mellom Trolltunga og Preikestolen

Artikkelen er over 6 år gammel

Veksten i besøk til Trolltunga og Preikestolen har vore stor dei siste åra. No kjem ekspressbussen mellom dei to turistmåla.

Tilbodet for dei som reiser kollektivt har vore dårleg mellom Hardanger og Lysefjorden, men det vil Tide gjere noko med til neste år. Det vert sett opp ei dagleg rute som går tur/retur Sørfjorden/Odda og Preikestolparkeringa/Forsand i juli og august neste år.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Reisemål Destination Hardanger Fjord AS

- Vi ser det er etterspurnad etter transport mellom Kjerag, Preikestolen og Trolltunga. Vi har i dag ei bussrute mellom Stavanger og Øygardstøl, startplassen for turen til Kjerag, og har gode erfaringar med denne. Alt tyder på at grunnlaget for eit nytt dagleg tilbod i juli og august mellom Preiketolen og Trolltunga er tilstades." fortel seier Hege Sandtorv, direktør for marked og forretningsutvikling i Tide.

Det er stor vekst i tal turistar som vil gå ein eller fleire av dei tre "store" turane på Vestlandet.

I 2014 var det 40.000 som gjekk til Trolltunga - ei dobling frå 2013.

For Kjerag var det ei auke frå 32.000 i 2013 til 40.000 i 2014. Tilsvarande auke ved Preikestolen var fra 205.000 til 250.000.

- Samla besøkstal for Trolltunga, Preikestolen og Kjerag var i år 330.000. Den nye ruta til Tide vert eit viktig tilbod i den vidare tilrettelegginga for desse turistmagnetane, seier Hans Jørgen Andersen, reiselivsdirektør i Hardanger.

Den nye ruta gjer det og mogleg å reise frå Stavanger, gå Preikestolen og reise vidare til Hardanger same dag. Du kan og reise frå Hardanger, gå til Preikestolen og reise vidare til Stavanger på ein dag.