Kvinnene tek styret i NyeOdda

Elisabeth W. Hauge, Rita Haukaas, Elin Øyre og Anne Grete Lien Eikeland, som no har meldt seg inn i Høgre.

Elisabeth W. Hauge, Rita Haukaas, Elin Øyre og Anne Grete Lien Eikeland, som no har meldt seg inn i Høgre. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Etter fire mannlege partileiarar vart Rita Haukaas måndag vald som ny leiar i NyeOdda.

DEL

– NyeOdda takkar Joakim for innsatsen dei to siste åra og ønskjer Rita lykke til i det framtidige arbeidet. Det er gledeleg å konstatera at etter fire mannlege leiarar kan NyeOdda presentera partiets første kvinnelege leiar, skriv partiet på sine heimesider.

Haukaas tek over som leiar etter Joakim Sørå.

Liv Mette Torekoven vert sekretær i styret, medan Hilde Crovo Engesæter er kasserar og varaordførar Elisabeth Wesenlund Hauge 1. styremedlem.

2. styremedlem er Bernt Jarle Storhaug, og Morten Eikeland og Bjørn Buer er varamedlemmer.

Artikkeltags