- Ingen pessimisme blant bedriftene i Hardanger

OPTIMIST. Leiv Vambheim, leiar i Hardangerrådet, kjenner seg ikkje att i tala frå Næringsbarometeret. - Utviklinga held kanskje ikkje den farten vi skulle ynskje, men det finst masse optimisme i regionen, seier han.

OPTIMIST. Leiv Vambheim, leiar i Hardangerrådet, kjenner seg ikkje att i tala frå Næringsbarometeret. - Utviklinga held kanskje ikkje den farten vi skulle ynskje, men det finst masse optimisme i regionen, seier han. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei bedriftsundersøking fra mai 2014, basert på svar frå 846 bedrifter i Hordaland, viser at optimismen i fylket er lågast i Hardanger og Midthordland.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Næringsbarometeret i Hordaland kan opplyse at Hardanger og Midthordland er den regionen i fylket med lågast optimisme for andre år på rad. Den samla forventningsindeksen for bedriftene i distriktet ligg heile ti prosent lågare i år enn i fjor. Forventingsindeksen er differansen mellom forventa auke og forventa nedgang.

SMB Odda er overraska over tala, og seier dei får heilt andre signal frå sine medlemmer.

– Det er ingenting som tyder på lågare næringsaktivitet det neste året, seier Arnfinn Førsund på vegne av styret i SMB Odda.

Region med allsidig næring

– Utviklinga held kanskje ikkje den farten vi skulle ynskje, men det finst masse optimisme i regionen, seier leiar i Hardangerådet Leiv Vambheim.

Han meiner tala frå Næringsbarometeret ikkje nødvendigvis er i samsvar med det som rører seg lokalt.

– Vi har ei innovativ og solid fruktnæring, seier Vambeim og viser til Dyrk Smart-prosjektet.

Hardangerrådsleiaren vil også trekkje fram industrien i distriktet og trekkjer fram økt aktivitet på Bjølvefossen, batteriferjer på Fjellstrand og Odda Coating som døme på positiv verdiskaping.

– Reiselivet står også veldig sterkt, seier han.

Fokus på samferdsle

Leiv Vambheim seier den lange avstanden til dei oljebaserte næringsklyngene kring Bergen er ei utfordring for det lokale næringslivet. Han trur det einsretta fokuset på oljebasert næring dei siste tjue åra er ein av hovudgrunnane til at utviklinga i Hardanger har gått seinare enn forventa. Vambheim seier dei lokal ressursane har sprunge etter oljepengane framfor å utvikle seg lokalt.

– Vi må knytte marknaden i Bergen tettare til Hardanger, og her blir samferdsel eit nøkkeltema, seier Vambheim.

Han får støtte frå Arnfinn Førsund som seier at god kommunikasjon vil kunne gi eit betre berekraftig næringsliv i Hardanger.

– Derfor er det full fokus på samferdsel og E134 som stamveg med forlenga grein gjennom Odda til Bergen, seier Førsund som er talsmann for samferdsel i SMB?Odda.

Treng meir kompetanse

Leiv Vambheim seier at det no må jobbast vidare med å profilere Hardanger som ein attraktiv tilflyttarregion.

– Vi har kanskje låg arbeidsløyse, men regionen slit med å tiltrekkje seg fagarbeidarar og dei med høgare utdanning, opplyser han og legg til at det blir ikkje lettare å skaffe fagarbeidarar når ein legg ned praktiske linjer på Odda vidaregåande skule, seier leiaren i Hardangerrådet.

Men han kan opplyse at det jobbast med å skaffe gode trainee-ordningar i samband med styrkinga av den desentraliserte høgskulen.

Artikkeltags